800 bustader kan bli ramma av bølgja

Ein ny rapport viser kva som vil skje når fjellpartiet Åkerneset ein dag rasar i fjorden.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rapporten er utarbeidd av Åknes/Tafjord beredskapssenter i samarbeid med Fylkesmannen og fleire kommunar i området, fortel Sunnmørsposten.

Mellom anna vil 800 bustader og 216 hytter bli evakuerte, og rapporten skildrar kva konsekvensar bølgja vil få for mellom anna vatn, avløp, telefon og datasamband på dei ulike stadene i området. Følgjer for offentlege bygg, næringsbygg, landbruk, oppdrettsanlegg og samferdsel er òg omtala.

LES OGSÅ:Dei aller verste katastrofane

– Straumnettet vil bli heilt øydelagt, men der vil også vere lite igjen å forsyne, heiter det i rapporten.

Katastrofefilmen Bølgen, som hadde premiere tidlegare i haust, skildrar kva som kan skje når bølgja kjem.

Sjefgeolog Lars Harald Blikra i NVE sa tidlegare i år at den 80 meter høge flodbølgja som er skildra, er realistisk og godt kan oppstå i verkelegheita.

LES OGSÅ:Kallar «katastrofefilm» realistisk