Godt forlikte

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kalvø: Speler høg musikk og fnys

Klimaet er godt. Tonen er konstruktiv. Samtalane er løysingsorienterte.

Du har kanskje fått inntrykk av at det ikkje skjer så mykje i flyktningsaka på Stortinget no. Men etter det vi har grunn til å tru (vi som skriv i avisa seier det når vi tippar), så har følgjande forslag blitt diskuterte i hemmelige møte på Stortinget den siste veka:

Frp foreslo tidlig denne veka å vente i ei veke til med å begynne samtalane, for å sjå om dei går oppover på meiningsmålingane.

KrF foreslo å begynne så fort som mulig. Av same grunn.

Fleire Ap-politikarar sa seg villige til å diskutere Frps forslag. Aps forhandlarar foreslo så eit kompromiss: Vi ventar i tre dagar og ser an meiningsmålingane, mot at Per Sandberg sluttar å seie «Dra til helvete» kvar gong han møter Ap-folk i gangane.

Venstre spurte så om dei kunne få vere med i diskusjonen om dette forslaget. Dei fekk ikkje svar.

KrF spurte også om dei også kunne få vere med. Dei fekk heller ikkje svar.

Så gjekk forhandlingane inn i ein litt tyngre fase. Frp sa seg villig til å møte Ap på halvvegen. Dei lanserte følgjande mellomløysing: «Per Sandberg sluttar å be Ap-folk dra til helvete. I ein overgangsfase ber han Ap-folk i staden om å dra til helsike, kvar no enn det er. Målet er at på sikt skal Sandberg klare å seie hei og kanskje berre himle litt med auga.»

Då Frp kom til Ap-leiarens kontor for å diskutere dette kompromissforslaget, spelte Jonas Gahr Støre dei nye Karpe Diem-låtane veldig høgt, prøvde å ha rytme, nikka og ropte: «Høyr på teksten! Høyrer de kven som er på parti med dei kule?»

Dette fekk Frp-delegasjonen til å forlate møtet i sinne og forundring.

Ap beklaga seinare dette. Dei forklarte at Jonas Gahr Støre gjerne skulle skrudd ned lyden, men at han dessverre ikkje veit korleis.

Frp tok imot beklaginga, og gjekk med på å møtest ein plass der dei bestemmer musikken. Men då må også Per Sandberg få lov til å be folk dra til helvete ei veke ekstra før han går over til helsike, kvar no enn det er.

Dette forslaget blei møtt med eit motforslag frå Ap: Partia møtest til forhandlingar på nøytral plass ein stad der det ikkje er musikk i det heile tatt (bortsett frå at det er mulig ein vil høyre Karpe Diem frå kontoret til Støre i det fjerne, sidan han ikkje veit korleis han skrur av), men då skal også Christian Tybring-Gjedde slutte å fnyse og kvese kvar gong han ser politikarar frå andre parti. Og Frp skal be Sylvi Listhaug halde kjeft og huske at ho er landbruksminister.

Desse krava har Frp avvist. Vi har sjølvsagt ikkje kontroll over Tybring-Gjedde, heiter det i ei oppgitt fråsegn frå Frps forhandlarar. Frp la også til: Og at Frp skal ha ein landbruksminister, det fell på si eiga urimeligheit.

Ap sa seg enig i det med landbruksministeren. Og Tybring-Gjedde. Og spurte så om ikkje dei to partia berre kunne møtest ein dag og krangle litt generelt for gammalt vennskaps skuld. Det ville Frp gjerne. Frp tok også med kake.

Venstre og KrF spurte så Frp og Ap kvifor det er dei som kranglar, når dei vel eigentlig er ganske enige. Det er KrF og Venstre som er uenige med dei andre. SV kom så på banen og hevda at dei er meir uenige enn Venstre og KrF. Ingen av desse partia fekk svar frå nokon på noko. Bortsett frå at Christian Tybring-Gjedde fnyste, og Per Sandberg ba alle dra til helvete og sa at Frp skulle vurdere å ta sånne som KrF og Venstre alvorlig den dagen dei kan få prestar og frivillige til å halde kjeft og slutte å sette andre i eit dårlig lys. Jonas Gahr Støre understreka at alle parti har like mykje verdi, at han liker prestar, at frivilligheit er ein byggestein i demokratiet vårt, og at Karpe Diem har kloke tekstar om å leve saman i vår tid. Dei fleste andre partia kasta så litt opp inni munnane sine.

Høgre lanserte deretter eit forslag om å håpe at alt dette går over av seg sjølv.

Det forslaget blir no diskutert breitt neste veke, viss ingen blir bedne om å dra til helvete, og viss ingen drar til helvete. Eller til helsike, kvar no enn det er.

Ap og FrP blir ikkje med på desse samtalane. Dei har bestemt seg for å sitte på kvar sine kontor, spele kvar sin musikk høgt og fnyse.

Først publisert i Aftenposten 7. november.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!