NPK-NTB
NPK-NTB

Forsikringsselskapa vurderer asylmottak som høgrisikobygg, først og fremst på grunn av dei mange brannane dei siste åra. For eigarar som stiller bygg til disposisjon for asylmottak betyr det i beste fall ein forsikringspremie på det mangedobbelte av det dei normalt ville ha betalt, skriv Bergens Tidende.

LES OGSÅ: – Som om Bergen skulle fått 20.000 asylsøkjarar

Svenske asylmottakbrannar
– Vi følgjer ei restriktiv linje og har ikkje så mange i vår portefølje. Jo høgare risiko, desto høgare blir prisen. Asylmottak har historisk sett vore mykje meir utsette for skade, og då særleg brannar, seier kommunikasjonssjef Ole Irgens i Tryg Forsikring til BT.

Han viser til utviklinga i Sverige, der ei rad asylmottak er sette i brann dei siste vekene. I førre veke melde Dagens Nyheter at brannane har ført til at svenske forsikringsselskap har begynt å seie opp avtalar for asylmottak.

LES OGSÅ: 85 barn forsvann frå mottak

Asylmottak-direktør ber staten ta grep
Direktør Tor Brekke i Hero, ein av dei største operatørane av asylmottak i landet, meiner staten må ta grep dersom den storstilte etableringa av nye asylmottak skal la seg gjennomføre.

– Det er for så vidt bra at det blir stilt strenge krav til branntryggleik. Men med den situasjonen vi har i dag, er resultatet at UDI går glipp av mange potensielle mottak. Dei siste par månadane er det blitt mykje vanskelegare å få forsikring, seier Brekke. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.05

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE