Full rulle med eiga symaskin

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

TV-serien «Symesterskapet» på NRK 1 har blitt trekt fram som ei medverkande forklaring. I serien konkurrerer amatørar om å utføra ulike syoppgåver på best mogleg måte.

Programmet byggjer på eit britisk konsept og har hatt stor suksess i mange land. Her i landet har serien i snitt samla 514.000 sjåarar, eit tal prosjektleiar Kristin Helgeland Hauge er godt nøgd med.

– Sjåartala har vore svært stabilt høge. Vi er godt nøgde med at vi klarar å treffa eit så breitt publikum med eit syprogram, seier ho.

Dei kvinnelege sjåarane har vore i fleirtal, men prosjektleiaren fortel at serien også har hatt eit stort mannleg publikum. NRK gler seg også over at serien har falle i smak hos yngre sjåarar i aldersgruppa 20– 29 år.

Nyleg blei den andre runden av serien avslutta. Nærmare 600.000 sjåarar såg finalen, fortel Hauge.

Motvekt mot masseproduksjon
Programleiar Christine Hope trur den store interessa for programmet og det å sy heng saman med at mange er lei flaumen av masseproduserte kle og ønskjer å skapa eigne kle med særpreg.

– Dei siste tiåra har det blitt meir og meir kjeder og masseproduksjon. Eg trur det har vakse fram ei motvekt til alt dette. Det har blitt in å sy igjen fordi mange føler behov for å skilja seg litt ut, meiner ho.

Passform og retrobølgje
Hope peikar dessutan på at det er noko heilt anna med eit plagg som er sydd etter mål.

– Viss du går i ein kjedebutikk har du kanskje tre storleikar å velja mellom. Det skal veldig godt gjerast å finna noko som passar perfekt, men det får du når kleda blir sydde etter mål. Og då føler du deg så fin også.

Programleiaren trur også at retrobølgja og auka merksemd rundt miljøvern har vore med på å gje syinteressa eit oppsving.

– Det er ikkje tvil om at denne interessa har noko retro over seg. Samtidig er det in å vera meir miljøbevisst, så dette med å sy har berre positiv effekt for det å sjå gjenbruk i kleda, slår programleiaren fast.

I kø for sykurs
Symaskinforhandlarar i Bergen, Oslo og Stavanger kunne tidlegare i år fortelja til NRK at salet av symaskiner hadde skote i vêret blant folk i alle aldrar. Samtidig vil stadig fleire gå på kurs for å læra å sy.

– Det er veldig populært. Vi har måtta følgja opp med nye kurs og nye plassar heile tida, seier studiekonsulent for kultur og fritid Marianne Gravdal ved Folkeuniversitetet i Hordaland. Denne hausten har dei heile tjue kurs innan saum, design og tekstil.

Gravdal er ikkje i tvil om at syprogrammet på NRK er ei sterkt medverkande årsak.

– Det har vore nærmast påtakeleg, seier ho og fortel om to til tre gonger så mange førespurnader og påmeldingar som tidlegare.

Fleire årsaker
Studiekonsulenten trur årsakene til den store pågangen er blanda.

På same måten som Christine Hope meiner ho mange er metta av masseproduserte kle og ønskjer å ha meir tilpassa plagg. Aukande medvit rundt etikk og måten billige kle er produserte på, og den tilbakeskodande retrobølgja, spelar også inn, meiner ho.

– Det handlar både om tradisjon, det å setja pris på og ta vare på tekstilar, bruka dei på nytt og ikkje vera ein del av bruk-og-kast-mentaliteten, trur ho.

Gravdal peikar dessutan på at handverksfaga har gått meir og meir ut av skulen og at det knapt er tid til verken forming eller sløyd.

Avstressande
Sy-kursarrangøren trur den store sybølgja også kan forklarast som ein motkultur mot sosiale medium og kravet om å vera pålogga heile tida.

– Vi ser det same med den store fargeleggingstrenden for vaksne, seier ho. Trenden har blitt forklart som eit opprør mot det digitale og hjelp til å finna ro i ein hektisk kvardag.

– Det handlar om å kjenna litt på tida som går utan å føla at tida spring frå deg, meiner Gravdal.

Mange vil ha meir
Sjølv om NRK har hatt fleire rundar med Symesterskapet, håpar mange det kjem endå ein oppfølgjar.

– Eg blir stadig vekk stoppa på gata av folk som håpar det blir ein ny sesong, seier Christine Hope.

Om publikum får oppfylt ønsket sitt er førebels ikkje avklart.

– Det er hyggjeleg at sjåarane ønskjer seg fleire sesongar med Symesterskapet, men kva som skjer vidare er ikkje endeleg avgjort enno, seier prosjektleiar Kristin Helgeland Hauge. (©NPK)