Sunnmørsk MDG fekk støtte frå svenske førebilete

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

MDG fekk svensk hjelp

Saka er henta frå Møre-Nytt

Emma Nohrén vart henta standsmessig i elbil på Moa då ho besøkte Miljøpartiet Dei Grøne måndag. Turen til Ørsta gjekk miljøvennleg og bra, men ferjeturen overraska den svenske miljøpolitikaren som er innvald i Riksdagen, den svenske nasjonalforsamlinga.

Bilen var gratis fordi det er ein elbil, men vi måtte betale per person. Det hadde ikkje skjedd i Sverige.Bomavgift og ferjebillettar er ukjende ord for svenskar, altså. Når det gjeld partipolitikk har derimot miljøpartia i Sverige og Noreg mykje til felles.

Mål
Partia jobbar mot dei same måla. Det handlar mellom anna om ei berekraftig utvikling av naturressursane, både i hav og på land, om satsing på landsbygda og like rettar, uavhengig av kjønn, seier Nohrén, som sjølv er utnemnd til landsbypolitisk talsmann for partiet.

I Sverige har Miljøpartiet fått plass i regjeringa sidan valet i 2014, og sit på seks ministerpostar. I Noreg opplever Miljøpartiet sterk vekst. I Ørsta er dei for første gong representert i kommunestyret ved Frida Gillberg. Ho og Emma Nohrén er gamle kjende frå Marinbiologisk gymnasium frå ungdomstida. Sidan har dei halde kontakta.Gillberg fortel at Emma Nohrén har vore ein god samtalepartnar og eit førebilde for henne i mange år.

Så no var det på tide at ho kom til Ørsta for å sjå kva vi styrer med her.

Kraftverk
Vi har mykje å lære av kvarandre, repliserer Nohrén, og siktar mellom anna til den norske ordninga med kraftpengar.

Her vert mange av kronene att i kommunane som eig kraftverket. Slik er det ikkje i Sverige. Den norske modellen kan inspirere, seier ho.

Miljøpartiet er ikkje tilhengjarar av å byggje ut for mange småkraftverk. I Sverige er dei inne i ein prosess der dei har dei 1.600 småkraftverka under lupa.

Det er 200 store som produserer mykje energi, og 1.200 små som bidreg med berre 2,6 prosent av energien. Dei er for små, og dei øydelegg også livsgrunnlaget for mange artar. Vi må finne ein balanse, seier ho.

Nohrén er også fascinert av norsk samferdsel.

Her er veg til kvar einaste øy der det bur folk. Det viser eit samfunn som tek ansvar.

Miljøpartiet i Sverige har fått stor makt dei siste åra og er landets fjerde største parti. Dei har fått auka miljøbudsjettet med 1,4 milliardar kroner, og satsar også i stor grad internasjonalt gjennom EU.

Vi prøver å vere eit føregangsland, og har etablert grøne fond for internasjonalt klimaarbeid.

I Ørsta har dei trua på at ting vil gå vegen for Miljøpartiet også her til lands.

Noreg har vore oljesmurt, så ting har kanskje gått litt saktare, men at Miljøpartiet sit i regjering om to år er ikkje utenkjeleg. Det må vere lov å håpe, seier eit samstemt gruppemøte.

Alt miljønytt er ikkje dårleg nyttHer er ein optimistisk rapport frå FN.