Hvaler Solpark er «Årets lokale klimatiltak 2015»

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hvaler kommune  fekk prisen på Zerokonferansen i Oslo tysdag. Hvaler vinn prisen for tiltaket «Hvaler solpark», som involverer innbyggarane i omfattande utbygging av lokale solcelleanlegg godt kopla til nettet.

Ordførar Eivind Normann Borge (Frp) fekk prisen under Zerokonferansen i Oslo.

– Det er slike innovative prosjekt, med sterk involvering av innbyggjarar og næringsliv, som driv det grøne skiftet framover, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet.

«Solenergisatsinga til kommunen er eit godt uttrykk for at det kan drivast leiande utviklingsarbeid i mindre, ikkje-tettbygde kommunar, og er ei satsing som evnar å sjå desentralisert energiproduksjon og nett i samanheng, heiter det i grunngjevinga til juryen.

– Me treng kommunar som tenkjer nytt og innovativt for å lukkast med det grøne skiftet. Noreg har, kanskje litt overraskande, eit stort potensial innan sol. Mange treng ein liten dytt og tilgjenge på kompetanse for å koma i gang. Det bidreg prosjektet med på ein god måte, seier Marius Holm, leiar i ZERO og jurymedlem.

Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet, delte ut prisen «Årets lokale klimatiltak 2015» til Thor Moen fra Smart Energi Hvaler (frå venstre) og Hvaler-ordfører Eivind Normann Borge på dagens Zerokonferanse. Leiar Marius Holm i Zero (nummer tre frå venstre) og tidlegare justisminister Odd Einar Dørum sat i juryen saman med Hambro. Foto: Zero.

Andreplassen gjekk til Eid kommune for føregangsarbeidet deira med grøn finansforvalting, ved å trekkja midlane sine ut av kolinvesteringar og investera i fornybar energi. På tredjeplass følgde Fredrikstad med pilotprosjektet Lislebyhallen, der ein har ein «alt-i-eitt» løysing for utbygging av lokalsenter der ein har tatt omsyn til arealbruk, nærleik til lokalsentrum, nytte av kollektivtrafikk, parkeringsavgrensingar, fornybar materialbruk, energinytte og klimatilpassing.

LES OGSÅ: – Eit viktig steg for eit grønare samfunn

– Det er morosamt å sjå at Østfold er ein gjengangar frå år til år. Dei har klart å skapa eit klima for klimaløysingar, uavhengig av partifarge og type kommune, seier jurymedlem Odd Einar Dørum.

Dei andre finalistane var Oslo kommune for rehabilitering av Økern sjukeheim og Hordaland fylkeskommune for arbeidet med energistasjon med hurtiglading av el-bilar.

– Det var svært sterk og jamn konkurranse, noko som viser at det skjer mykje godt klimaarbeid i fleire kommunar og fylke. Me håpar desse aktørane kan inspirera andre til å følgja etter, våga å tenkja innovativt om klimaløysingar og ta i bruk dei høva kommunesektoren har, seier Marius Holm.

Kommunar og fylkeskommunar har verkemiddel til å gjera noko med ein fjerdedel av Noregs klimagassutslepp, ifølgje Zero. På årets Zerokonferanse var det òg eit eige spesialopplegg for lokalpolitikarar med fokus på kva for handlingsrom ein har i lokal- og regionalpolitikken.

LES OGSÅ: Fossilfrie byar i 2025