Vegvesenet går for korte tunnelar over Hardangervidda.

NPK
NPK
Faktaboks
LES FAKTALUKK FAKTA

Statens vegvesen går inn for ein redusert billegvariant av konseptet «korte tunnelar» på aust-vest-sambandet på riksveg 7 over Hardangervidda.

Vegvesenet overleverte tysdag konseptvalutgreiinga si for riksveg 7 til samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) under Høgfjellskonferansen på Golsfjellet.

I utgreiinga tilrår Vegvesenet at det blir satsa på ein redusert variant av konseptet «korte tunnelar» (K2), der målet er å betre vinterregulariteten og redusere bortskremminga av villrein.

Billegare konsept
Det reduserte kort-tunnel-alternativet, som inkluderer ein vel 6 kilometer lang tunnel ved Dyran, er det rimelegaste av dei aktuelle konsepta og inneber ei samla investering på rundt 2 milliardar kroner. Det er om lag halvparten av det opphavlege konseptet med korte tunnelar, mens ein lang tunnel under Hardangervidda til samanlikning er kostnadsrekna til 8 milliardar kroner.

– No må vi studere dette grundig. Vi veit at mange har ønskt seg ein lang tunnel, men her ser eg at Vegvesenet har vurdert både turisteffekt og alt dette – at dei færraste turistar kjem til Noreg for å køyre tunnel, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen til NRK.

Samferdselsministeren seier at han likevel vil studere alternativa nærare før han konkluderer.

Vegvesenet har elles tidlegare tilrådd ei satsing på E134 gjennom Buskerud og Telemark og riksveg 52 over Hemsedalsfjellet. Tilrådingane deira for riksveg 7 føreset at Samferdselsdepartementet går inn for å prioritere like eins.

– Dersom den politiske behandlinga skulle lande på at ein ønskjer å satse på riksveg 7, blir utgreiingsføresetnadene vesentleg endra, mellom anna fordi ein da må sjå på tiltak for ei vesentleg lengre strekning, heiter det i konsekvensutgreiinga.

Kartet viser løysinga med korte tunnelar over Hardangervidda.

Kjempar for riksveg 7
Måndag debatterte dei vel 200 deltakarane på Vegvesenets Høgfjellskonferanse dei ulike vegalternativa mellom Oslo og Bergen. Det er delte meiningar om det er mest tenleg å prioritere halde vegen over Hemsedalsfjellet (rv. 52), Hardangervidda (rv. 7), Filefjell (E16) eller Haukelifjell (E134) vinteropen. Der er det enda eit stykke fram før regjeringa er klar til å konkludere.

Riksveg 7-forkjemparane har på ingen måte gitt opp ei meir prioritert rolle for vegen over Hardangervidda.

– Riksveg 7 er den viktigaste ferdselsåra mellom aust og vest. Han er enormt viktig for oss i Hallingdal, sa ordføraren i Flå, Tor Egil Buøen, under ordskiftet måndag, ifølgje NRK.

Tidlegare i år gjekk diskusjonane om aust-vest-vegen høgt på Hallingtinget, men fleirtalet i samarbeidsforumet gjekk i mars inn for ei jamstilling av dei to fjellvegane, som møtest og skil lag på Gol. Kommunane Gol og Hemsedal vart der ståande åleine om å gå inn for det nordlege alternativet over Hemsedalsfjellet, ifølgje Hallingdølen.

LES OGSÅ:Dette blir hovudrutene mellom aust og vest

Mange godord
På konferansen la da også ordførar Oddvar Grøthe i Hemsedal inn eit godt ord for riksveg 52 som det soleklart beste alternativet.

– Det er naturleg at riksveg 52 er den rette vegen å velje ettersom han dekkjer heile Vestlandet frå Bergen og nordover mot Ålesund, sa Grøthe.

Knut Duesund i samferdselsutvalet i Telemark fylkeskommune, talte på si side varmt for E134 over Haukeli som det klart beste alternativet, sjølv om det der er behov for å korte ned vegen ein del.

Somme kjempar òg framleis for eit fjerde alternativ lenger nord, E16 over Valdres til Lærdal. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.05
ANNONSE