Kometen med det treffande namnet «Lovejoy» inneheld etanol og den enkle sukkersamansetninga glyseraldehyd. Det melder amerikanske ScienceNews.org.
Desse stoffa har tidlegare blitt funne rundt unge stjerner der planeter er i ferd med å ta form.
Funnet av desse molekyla på ein komet tyder på at dei er tatt vare på sidan sola tok form. Kometar spelte sannsynlegvis ikkje ei viktig rolle i å levera vatn og organisk materiale til Jorda då den enno var ung, men dei har likevel mykje til felles med asteroidane som bidrog til dette.
LES OGSÅ: Han har gjort verdsrommet kult igjen
Kometen «Lovejoy» var synleg for det blotte auga under den nærmaste tilnærminga si til sola i januar 2015. Nicolas Biver, ein planetforsker ved Observatoire de Paris i Frankrike og kollegaer brukte eit radioteleskop i den spanske Sierra Nevada for å observera «Lovejoy». Etanol og glyseraldehyd er to av 21 molekyl som blei oppdaga i halen på kometen. Dei andre molekyla, som karbonmonoksid og ei rekke organiske molekyl, har blitt oppdaga tidlegere i andre kometar.
LES OGSÅ: – Kjempestruktar rundt stjerne kan vera laga av romvesen
QUIZ: Kva veit du om verdsrommet?