Har du fått med deg siste apenytt?

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Jo høgare ein brølape brøler, jo mindre ballar har han», «Sjå video av apekatt som stikk pinne opp i nasen!», «Apekatt delte ut masse pengar i India» og «Selfie-ape går bananas».

Dette er berre nokre av apestrekane lesarane kan kosa seg med på Ape.no– eit litt annleis hjørne av Internett.

Her er det nemleg apekattane som rår. I tillegg til ape-redaktøren, sjølvsagt.

LES OGSÅ: Kranglar om ape-sjølvi

Mann for sin ape
Ape-redaktør Arild Færaas er til dagleg journalist i Aftenposten, men på sin eigen nettstad er det betydeleg lågare terskel for å skriva om apekattar på nynorsk.

Her er nyheitskriteriane enkle: Det må innehalda minst ein apekatt.

Og det openbare spørsmålet er kvifor i all verda har han starta ei nettside med berre apenyheiter?

– Korfor skulle eg ikkje? Det var ingen andre nettsider med apekattnyhende verken på norsk eller dansk, svarar Færaas i ein e-post til framtida.

– Kvifor er det behov for ape.no?

– For å gjera kvardagen betre og litt lysare for folk flest.

– Kva er det som er så fascinerande med apekattar?

– Dei liknar på oss menneske, og er veldig morosame.

– Har du hatt nærkontakt med mange apekattar?  

– Veit ikkje kva du insinuerer her… men nei. Har sett dei i Kristiansand dyrepark og på TV, men aldri berørt ein apekatt.

LES OGSÅ: Bruker apekjøt som festmat

Dyreparknytt
Men det er ikkje berre muntre apestrekar å finna på den einaste norske nettsida som har spesialisert seg på nyheiter om apekattar.

Ein kan og lesa om til dømes grove tilfeller av apemishandling, apar sine rettar og forskarar som har brukt menneskeceller til å laga ein apearm.

Høgdepunktet i ape-redaktørkarrieren er framleis då Agderposten siterte ei eksklusiv postliste-sak frå ape.no.

Nettsida avslørte nemleg i sommar at Dyreparken i Kristiansand hadde søkt Miljødirektoratet om løyve til å importera to kvithovudsakiar.

– Kva er den kulaste apenyheita du kan tenkja deg?

– Julius slo Magnus Carslen i sjakk!

Og kven er verdas kulaste ape?

– Har faktisk ingen favorittapekatt etter at eg fann ut at Julius er valdeleg (det fann eg ut lenge før eg byrja med ape.no), svarar 31-åringen som i eit drygt halvår har drive sida som gjer Internett litt lysare.

Denne videoen av Youtube-kjendis Koko er sett over 5 millionar gongar: