– Etter 70 år må FN reformerast

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 06.12.2017 17:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Maktfordelinga i Tryggleiksrådet er det mest opplagte eksempelet på behovet for reform, ifølgje FN-Sambandet. Dei meiner vetoretten til dei fem faste medlemmene ikkje speglar dagens maktpolitiske røyndom, og strir mot grunnleggande demokratiske prinsipp.

– Me bør sjå ei avgrensa utviding av Tryggleiksrådet, utan at det blir gitt vetorett til nye medlemmer. Ei slik utviding er realistisk, og vil vera eit steg i rett retning på vegen mot å avvikla vetoretten for godt, seier Kari Solholm, generalsekretær i FN-sambandet.

FN-sambandet har 60 landsomfattande medlemsorganisasjonar og rundt 800 skular og barnehagar som medlemmer.

KALVØ:Kvifor skulle ikkje FN ha ein dag for lykke?

Løyser ikkje kriser
FN fyller 70 år i år, og 24. oktober er FN-dagen. Dagen før talte statsminister Erna Solberg på feiringa til FN-Sambandet.

– Når dei fem veto-maktene i Tryggleiksrådet er ueinige om korleis kriser som i Syria og Ukraina kan løysast, blir rolla til FN ofte redusert til å avhjelpa – ikkje løysa – krisene. Me treng eit Tryggleiksråd som har full legitimitet hos medlemslanda til FN og som reflekterer verdsordenen anno 2015, ikkje anno 1945, sa ho.

LES OGSÅ:Fafo: – Me treng ein meir radikal politikk

Rett og gale

FN er ein arena der normer for kva som er rett og gale blir formulert, og etablert som reglar i internasjonal folkerett. FN spelar difor ei større rolle i det globale bildet enn ein ein ser ved første augekast, ifølgje FN-sambandet.

– Den normative funksjonen til FN må koma tydeleg fram i reformarbeidet viss FN skal halda på legitimiteten sin. Menneskerettsarbeidet til FN er sterkt underfinansiert. For å styrka det anormative arbeidet vil det vera viktig å auka rammene for høgkommissæren for menneskerettar, seier Kari Solholm i ei pressemelding.

QUIZ:Kva veit du om FN?