Bruker meir på Halloween enn tvaksjonen

– Både barn og butikkar har gripe Halloween glupsk, seier Virke.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kostar meir enn tvaksjonen

Nordmenn kjem i år til å bruke omtrent 270 millionar kroner på kostyme og godteri til halloween, ifølgje Hovudorganisasjonen Virke.

Det inneber at kvar nordmenn brukar 50 kroner på halloween-effektar, eller at ni av ti barn mellom fire og femten år brukar rundt 300 kroner kvar.

– Enkelte familiar bruker meir, mens andre brukar mindre eller ingenting. Faktum er at det blir mykje vanskelegare, særleg for barnefamiliar, å ikkje skulle ta omsyn til halloween. Kostyme blir kjøpt inn, skuffer og skåp blir fylt opp med godteri og snacks og husa dekorert, seier Bror W. Stende, direktør for Virke Mote og fritid.

LES OGSÅ:Politiet seier nei til masker

Han fortel at særleg leiketøys- og hobbyforretningar og daglegvareforretningar har auka forteneste i perioden rundt halloween.

– Handelsstanden har rett og slett skapt seg ein ny sesong. Han er servert oss på sølvfat frå amerikanske filmar, og både barn og butikkar har gripe han glupsk, seier Stende.

Til samanlikning blei det samla inn kring 183 millionar kroner i årets tvaksjon.

Halloween blir markert laurdag 31. oktober. (©NPK)

LES OGSÅ:«Lidt spiritisme» til Halloween