No lyt vi få slutt på denne groteske næringa.

Anita Helen Dahlberg (17)
Anita Helen Dahlberg (17)

Opne opp auga dykkar, bli med og kjemp for dei som ikkje har ei stemme som kan påverke. Her i Noreg, landet som er kjend for å ta dyrevelferd på alvor, avlast det fortsatt fram rev og mink i små nettingbur for pelsen si skuld. Pels er eit luksusprodukt, så ubrukeleg at ikkje ein gong polfararar som treng ekstra varme bruker det. Det er ingen som har betydeleg nytte av ekte pels, enn dei den veks på!

Guri Wormdahl, leiar av Norges pelsdyranslag, sa på Dagsrevyen 24. oktober 2012 at etter funn i pelsdyrbransjen då, var næringen nærare sjokkerte over funna. Dei skulle sørgje for at det blei rydda opp i med ein gong. Men kva var det vi såg i Brennpunkt sin dokumentar Pels, som gjekk ca. to år seinare? Dårlege haldningar hjå oppdrettarar som førte til dyremishandling då også. Kvifor let vi dei få nye sjansar?

Handlingane i dokumentaren vekkjer ikkje berre etiske reaksjonar, men dei er også ulovlege i Noreg. Dyr som på langt nær blir behandla godt. Stakkars blåreven som blir avla fram så overvektig at den må leve det korte livet sitt i store smerter. Fordi ledda blir deformerte og organ sviktar. Lova om dyrevelferd seier mellom anna at dyr skal behandlast godt, og beskyttast mot fare for unødige påkjenningar og belastingar. Avl skal ikkje vekke allmenne etiske reaksjonar og påverke dyrs fysiske eller mentale funksjoner negativt. Forskrift om hold av pelsdyr blei også broten då dyr fikk store skader utan å få behandling, ekstra tilsyn og stell. I tillegg til rutinemessig bruk av nakketang, og ei anna tang med formål om å kvele reven. Dette er brot i norsk lov! Men fortsette, det får dei.

Rev og mink er ville dyr med sterke jaktinstinkt og egne individuelle behov. Pelsdyra rundt om på farmane må sitte heile livet sitt innestengt i bur, med store lidingar. Kvifor? For luksusprodukt rike kinesarar skal kunne tene på. Nei, nok er nok! Det er på tide at alle stiller opp for pelsdyra, og vi legg ned denne grusomme og uetiske næringa. Bli med på NOAH’s fakkeltog 14. n ovember! Engasjer deg saman med Dyrevernalliansen for å være med og kjempe bort pelsdyrnæringa ein gong for alle. Og for guds skyld, sei NEI til pels.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.05

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE