– Kjempe-strukturar rundt stjerne kan vera laga av romvesen

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

- Kan vera laga av romvesen

1400 lysår frå Jorda finn me stjerna med namn KIC 8462852. I bane rundt stjerna er det enorme objekt som skuggar for lyskurvane til stjerna. Fenomenet er aldri sett tidlegare, og dei mest vanlege vitskapelege forklaringane held ikkje vatn, skriv Danmark Radio.

No føreslår den anerkjente astronomen Jason Wright frå Pennsylvania State University at objekta kan vera ein enorm radiosendar skapt av romvesen.

– Romvesen bør alltid vera den siste hypotesen som ein tenkjer på. Men det her liknar noko ein skulle tru at ein framand sivilisasjon ville bygga, seier han til The Atlantic.

LES OGSÅ: Elon Musk føreslår å atombomba Mars

Normalt vil lyset frå ei stjerne dempa seg med cirka éin prosent når ein planet på storleik med Jupiter blokkerer for stjerna. I dette tilfellet stig og dempar lyset seg vilkårlig, og det er observert at heile 22 prosent av lyset frå stjerna forsvinn.

Så kva er det som kan skuggar for stjerna?

Nyleg gav Tabetha Boyajian, postdoc ved Yale University, ut ein artikkel om lyskurvane til stjerna. Artikkelen tilbakeviser ei rekkje vitskapelege forklaringar på fenomenet, men held likevel fast i éin muleg teori, som ikkje inkluderer romvesen. 

Sjølv om det er usannsynleg, kan dei enorme strukturane vera ein unormalt stor samling av øydelagte kometar.

Saman med Jason Wright skal Tabetha Boyajian no undersøkja saka vidare med hjelp av radioteleskop.

QUIZ:Kva veit du om verdsrommet?