Are Kalvø: Slike dagar, folkens

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kalvø: Jammen bra me ikkje vann

Slikt kan ein sjølvsagt alltid hevde. Vi som skriv i avisa, slepp i forbløffande grad unna med å påstå at nesten alt vi meiner er det beste for samfunnet vårt. Men denne gongen er det faktisk sant. Sjølv treng eg faktisk ikkje dette, tenkte eg.

Eg var naturligvis på fotball-pub på tirsdag. Det var overraskande god plass der. Eg hadde trudd det skulle vere vanskelig å finne ein ledig plass når Norge igjen var i ferd med å bli gode i fotball, og spelte avgjerande kamp mot sjølvaste Italia. Men det var berre halvfullt der.

Kanskje såg ikkje folk at dette kunne bli ein slik dag. Ein slik dag som alle bør oppleve. Viss Norge slår Italia, så er vi i EM. Italia har vunne VM fleire gonger, og taper nesten aldri på heimebane. Det er ei umulig oppgåve. Det kunne bli ein slik kveld.

LES OGSÅ: Neste gong stiller eg til val

Og då Norge skåra midt i første omgang, då begynte eg å huske kor eg har sakna dette. Og eg forstod kor tvers gjennom forferdelig resten av denne kampen kom til å bli. Og at dette neppe kom til å gå. Nettopp derfor ville det vore så fantastisk om det gjekk. For då ville det blitt ein slik dag.

Og eg treng ikkje slike dagar. Vi som har opplevd nittitalet, vi har hatt eit heilt tiår med slike dagar, eit tiår då Norge kvalifiserte seg til VM to gonger, og slo Brasil. Det er ikkje vi som treng desse dagane.

Eg såg bort på eit nabobord med fire menn tidlig i tjueåra. Alle såg litt ut som Kygo. Dei drakk sakte og snakka lite. Det er dei som treng ein slik dag, tenkte eg. Eg blei gamlefar. Eg nikka godmodig. Om dei hadde sett i mi retning, ville eg nok gitt dei tommelen opp. Eg unner dykk ein slik dag, ville eg sagt med blikket mitt. Der satt dei med capsane sine og dei alvorlige ansikta sine og nippa øl, generasjonen med forventningar om å vere perfekte på alle måtar.

Perfekte karrierar. Perfekt kropp. Perfekt sexliv. Rikdom. Generasjonen som har alle muligheiter til å bli verdensberømte heimafrå, og ingen unnskyldningar viss dei ikkje får det til.

Dette har eg lese om denne generasjonen, i innsiktsfulle artiklar skrivne av folk på min alder, så dette veit eg alt om.

Så eg heiar for dei, der eg sitt i den halvfulle puben, ein tirsdagskveld i oktober. Eg går gjennom helvete kvar gong italienarane angrip eller får kårner, og det gjer dei absolutt heile tida, alt dette gjer eg for ungdommen, for framtida. For eg unner verkelig alle å plutselig skrike ukontrollert med ei stemme du ikkje visste du hadde. Vere skikkelig schtøgg og ikkje tenke på det. Velte eit bord og ikkje bry deg. Klemme folk du ikkje kjenner og som er tre gonger din eigen alder, på ein tirsdag, sjølv om du skal på jobb dagen etter. Eller på skulen. Eller begge deler, sannsynligvis.

LES OGSÅ: Kvifor Are Kalvø meiner statsbudsjettet er eit bøllebudsjett

Fordi det er fint. Det er veldig fint. Og du kan leve lenge på det. Berre sjå kor mykje vi andre har fått ut av at Norge slo Brasil for sytten år sidan.

Men kva med samfunnet, høyrer eg at du seier. Korleis er dette det beste for samfunnet vårt? Jo, det skal eg fortelje deg. Eg trur slike dagar gjer folk betre. Og betre i stand til å ein dag styre samfunnet. Fordi ein ser at av og til skjer det ting du ikkje kan planlegge, ting som eigentlig ikkje skal gå an, og det er fint, og så må du berre løyse resten deretter.

Eg trur vi får ein betre statsminister i framtida dersom vedkommande minst ein gong i livet har opplevd ein slik dag. For slike dagar gjer noko med folk. Dei gjer oss annleis, dei gjer oss blaute, dei gjer at vi begynner å bable og innbille oss at samfunnet og framtida blir betre og at Norges framtidige statsminister vil klare å løyse framtidas problem med eit smil, alt på grunn av ein fotballkamp ein trisdagskveld.

Slik blir vi av sånne dagar.

Jammen bra vi ikkje vann. Då hadde eg tatt heilt av.

Meir av Are Kalvø!