Søk i verdas største samling dyrelydar

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Om du er interessert i dyr, har Forskning.no ein godbit til deg. Dei melder nemleg at eit av verdas største arkiv for dyrelydar er gjort tilgjengeleg på nett – gratis.

Det amerikanske Macaulay Library er eit kvalitetsarkiv for dyrelydar, som fram til i haust har krevd betaling for tilgong.  

LES OGSÅ:Sjekk kjæledyret til Antonia!

Biblioteket inneheld nesten 150 000 opptak og er verdas eldste arkiv for dyrelydar. Det aller første er av ein songspurv frå ein vårdag i 1929.

Det spesielle biblioteket finn du her!

Visste du forresten at fuglane endrar lyd over tid? Fuglar som bur i byar endrar til dømes sangen for å høyre kvarandre betre over aukande trafikkstøy, skriv Forskning.no.

Og viss du ikkje trur Ylvis gav deg svaret på kva reven seier, så får du svaret på kva reven eigentleg seier her!