Kommunereform, kva så?
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
«Ikkje la vaksne bestemma over det som er viktig for deg,» seier ungdommane i videoen som skal få unge i Møre og Romsdal til å bry seg om kommunereforma.
Kommunereforma har vore ein av snakkisane i valkampen, før årets lokalval.
Stortinget og regjeringa har bestemt at alle kommunar skal sjå på om dei vil halde fram som eigen kommune, eller slå seg saman med ein eller fleire nabokommunar.
Innan 1. juli 2016 skal kommunane bestemma seg for kva retning dei vil gå.
Det er i dette arbeidet at Møre og Romsdal vil engasjera unge i fylket. I samarbeid med ungdomsråda har dei funne ut at Youtube er vegen å gå.
Sjå filmen her: