Ungdomen stiller opp for regnskogen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Først publisert på Porten.no.

Då aksjonsleiar Renate Fossen mangla bøsseberarar, tok ho kontakt med elevane i 9. klasse på Lærdalsøyri skule.

Komande søndag er det TV-aksjonen, der midlane som vert samla inn går til Regnskogfondet. I år har det ikkje vore like enkelt å skaffe bøsseberarar, fortel leiar i aksjonsgruppa i Lærdal Renate Fossen.

– Då er det godt dei stiller opp. Det tykkjer eg er heilt supert. Eg har hatt litt med dei å gjera frå tidlegare, og dei er så positive og kjekke at då tenkte eg å spørja dei. Der fekk med 16 stykk, seier ho.

– Det er kjempeflott at dei engasjerer seg i klimaarbeid og arbeid med regnskogen. 

Verdas lunger
Sidan 2. verdskrig er regnskogen blitt halvert, og dei siste 25 åra har Regnskogfondet jobba for å bremse denne utviklinga. Difor går årets innsamla sum til dette føremålet. 

Artikkelen held fram under biletet:

Renate Fossen og ordførar Jan Geir Solheim spør elevane om dei vil vera med som bøsseberarar for TV-aksjonen. Foto: Privat.

 

 

 

 

Som ein av elevane sa så godt: – Regnskogen er verdas lunger.

Samstundes er regnskogen så langt vekke frå oss i kalde nord. Det at det er så viktig, men likevel så fjernt, trur Fossen kan ha sitt å seia for at det ikkje har vore like enkelt å få bøsseberarar i år.

Ikkje like stor oppslutnad
– Det er ei viktig sak for kloden sitt klima. I fjor gjekk pengane til demenssaka, og det er ei sak fleire kjenner seg att i, og mange er pårørande til folk som er råka av demens. Det blir litt nærare. Det same er det med kreftsaka. 

– Regnskogfondet er ikkje så kjend for oss og berører oss ikkje på same måte. Det er litt fjernare enn dei andre sakene. 

Difor håpar ho at det er fleire som vil stille opp og bidra. Blant anna treng dei fleire bøsseberarar på Borgund og Ljøsne. 

Ho ber også folk ta godt imot bøsseberarane på søndag.