Kunstredaktør åtvarar mot omlegginga av Den kulturelle skulesekken som kulturministeren legg opp til.

NPK-NTB
NPK-NTB

Omlegginga til kulturminister Thorhild Widveys (H) av Den kulturelle skulesekken bekymrar kunstredaktør, som fryktar styring av kunsten.

Gerd Elise Mørland seier til Klassekampen at omlegginga vil kunne avgrense kunsten som blir tilbydd elevane. Mørland er redaktør i nettstaden Periskop, som jobbar med barn og unges møte med profesjonell kunst.

Widvey opplyste i august at Kulturdepartementet omorganiserer Den kulturelle skulesekken, ei nasjonal satsing som bringar profesjonell kunst til alle skuleelevar i landet. Rikskonsertane får no ansvaret for Skulesekken, og Widvey ønskjer at han i større grad rettar seg mot læreplanane i skulen. Ifølgje statsråden er det nødvendig at den «betre understøttar det pedagogiske arbeidet og bidreg til realisering av læreplanmåla i skulen».

– Det er ein stor fare for at Skulesekken vil leite etter og føretrekkje kunstuttrykk som berre passer med lærarplanen. Då blir det skulefaglege favorisert over det kunstfaglege, seier Mørland.

Dagleg leiar Tove Bratten i Danse- og Teatersentrum, er også opptatt av at framsyningane som blir sett opp i regi av Den kulturelle skolesekken, skal halde fram å vere frie og opne:

– Det å lage pedagogisk kunst for barn var noko ein dreiv med på 1970-talet. Det er svært viktig at kunsten som blir tilbydd elevane, får vere heilt fri og skapt på kunstnariske premissar. Det gagnar kvaliteten på kunsten, seier Bratten. (©NPK)

Kva synest du om forslaget? Del tankane dine i kommentarfeltet!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.05
ANNONSE