Kårar Noregs beste trenar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Bladet Sunnhordland.

– Eg er alt kontakta av ein person som har med ei slik avstemming å gjera. Hugsar ikkje namnet hans. Eg er vel heller ikkje så oppteken av ei slik kåring, seier Tore Hammer.

54-åringen som til dagleg underviser ved idrettslinja ved Stord vidaregåande skule har vore innom fleire idrettsgreiner i idrettsmiljøet på Stord og andre plassar. Bak namnet hans på denne finalelista står handball.

 – Eg er innom og trenar både G 11 og J 15–16. Ut frå dei kommentarane eg fekk lest opp som grunngjeving for min kandidatur så stammar nok det meste frå handballmiljøet, seier Hammer. Han er kjent for sin store entusiasme i omgang med idrettsungdom.

LES OGSÅ: Trendy å ha personleg trenar

Vil bidra
– Eg vil jo gjerne bidra til å utvikla unge som vil noko med idretten sin. I så måte er engasjement og entusiasme avgjerande då det rett og slett er smittsamt. Elles så plar eg seia at eg vil ha noko på gang med alle. Med det meiner eg seia noko som viser eg følgjer med den enkelte. Slikt gir motivasjon samstundes som det bidreg til tryggleik og aksept. Eg trur det skaper eit miljø som gjer at ungdom møter opp til trening, seier Hammer.

 Han set pris på å bli nominert til ei slik utmerking, men har ikkje sjølv den store trua på å nå heilt opp.

 – Nei, fekk beskjed av dotter mi at eg kom absolutt ikkje til vinna. Men opp i alt må eg seia at er glad for fine tilbakemeldingar. Eg er ikkje for gammal til gleda meg over å bli sett pris på, sluttar Hammer.

LES OGSÅ: – Fleire jenter burde bokse

Sjå og bli sett
Saman med alkovitorganisasjonen AV-OG-TIL arbeider forbunda for symjing, fotball, handball, dans, kampsport og friidrett for at idretten skal vera ein trygg- og alkoholfri arena for born og unge.

Kåringa av Norges beste trenarførebilete er ein del av konseptet SE & BLI SETT der målsetjinga er å gjera trenarar og leiarar medvitne om rolla dei har som førebilete.

På nettsida, trenerfobilde.no, kan utøvarar sjølve nominera sine trenarar uansett alder og idrett. Vinnaren vert kåra 17. oktober – og det er enno ikkje for seint å stemma.

LES OGSÅ: Karoline har gått ned 50 kilo