Ekspertar: Ukontroversiell, men overraskande fredspris

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

- Overraskande fredspris

– Tunisia er dømet til den arabiske våren på at det er mogleg å få til ein varig demokratiseringsprosess utan vedvarande, valdelege konfliktar. Tunisia har ikkje blitt eit land menneske må flykta frå, det er eit land folk kan søkja vern i, seier generalsekretær Jan Egeland i Flyktninghjelpen.

Han håpar fredsprisen i år blir lagt merke til i andre land i regionen.

– Vi håpar prisen blir lagt merke til i andre delar av Midtausten og Nord-Afrika og blir eit døme på korleis ein kan løysa motsetningar gjennom mekling og forsoning, seier han.

TEST DEG SJØLV: Kva veit du om fredsprisen?

Fryktar for verdien til fredsprisen
Forskar Marit Tjomsland håpar fredspristildelinga kan gje Tunisia viktig draghjelp.

– Eg trur prisen kan ha ein veldig gunstig effekt i Tunisia fordi det er eit land som slit, spesielt etter terrorangrepa i vår. Det har verka veldig negativt på økonomien og turistnæringa, seier Tjomsland, som er førsteamanuensis ved Universitetet i Bergen og har spesiell kjennskap til landet.

NUPI-forskar Morten Bøås trur også fredsprisen blir lagt vekt på i Tunisia.

– Denne prisen heidrar folk som bidreg til å trekkja ting i ei rettare retning enn i alle dei andre landa som hadde den arabiske våren, og det er det all grunn til, seier han.

Han meiner at prisen i år kan ha meir å seia enn når statsleiarar og globale aktørar, som allereie har ei sterk plattform, får den.

Bøås trur derimot ikkje at prisen vil påverka situasjonen noko særleg i andre land som har hatt ein arabisk vår, som Jemen, Libya, Egypt og Syria, der konfliktlinjene er mykje djupare.

Generalsekretær John Peder Egenæs i Amnesty kallar fredsprisen oppfinnsam og viktig, men heller ikkje han trur prisen vil ha noko å seia for andre statar i regionen.

– Eg fryktar at det ikkje kjem til å bety så mykje i land som Libya, Syria og Egypt, som har gått i baklås og i dag er prega av krig og meir autoritære regime enn før den arabiske revolusjonen, seier han.

Hyller lokal basert dialog
Direktør for fredsforskingsinstituttet PRIO, Kristian Berg Harpviken, kallar avgjera om fredsprisen overraskande, men ukontroversiell.

– Det er på mange måtar ein nokså trygg pris, for dristig eller grensesprengjande er han ikkje, seier Harpviken til NTB.

– Noko av det mest spennande med denne prisen er at han i staden for å hylla ein tryllekunstnar som kjem utanfrå for å skapa fred, hyller ein genuint lokalt basert dialog der folk har ordna opp sjølve, legg han til.

Han trur fredsprisen i år kanskje ber bod om at Nobelkomiteen, under leiing av Kaci Kullmann Five, legg seg på ei mindre kontroversiell linje enn under forgjengaren Thorbjørn Jagland.

– Det har vore mykje kritikk av dei siste prisane, og det kan verka som om komiteen under leiing av Kaci Kullmann Five no ønskjer å markera at dei har høyrt kritikken, seier han. (©NPK)

Faktaboks

Den tunisiske dialogkvartetten:

Fagrørsla UGTT

Arbeidsgjevarorganisasjonen UTICA

Menneskerettsorganisasjonen LTDH

Den nasjonale advokatforeninga Ordre National des Avocats de Tunisie