Lokalaviser etterlyser drahjelp
Regjeringa føreslår i statsbudsjettet for 2016 å halda produksjonstilskotet til avisene på same nivå som i dag. Landslaget for lokalaviser (LLA) meiner bransjen treng hjelp.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Regjeringa burde ha heva produksjonstilskotet for å gi avisbransjen drahjelp i vanskelege omstillingstider. Bransjen slit med å halde oppe inntektene, noko òg lokalavisene merkar. Ei auke i støtta ville vore med på å hindra nedskjeringar som råkar journalistikken, seier generalsekretær Rune Hetland og styreleiar Roar V. Osmundsen i Landslaget for lokalaviser (LLA) i ei pressemelding.
Dei representerer over 100 lokalaviser landet over.
LES OGSÅ: Drøymer du om å bli journalist?
Ein fjerdedel til dei minste
Regjeringa føreslår i statsbudsjettet for 2016 å bruka 323 millionar kroner til produksjonstilskot neste år.
Rundt ein fjerdedel går til lokalavisene, medan brorparten går til nokre få riksaviser og nokre nummer to-aviser, som konkurrerer med ei større avis i same område.
Både Hetland og Osmundsen gler seg over at regjeringa i sitt forslag til statsbudsjett ikkje legg opp til store kutt i tilskotet til avisene.
LLA er oppteken av at flest mogleg lokalsamfunn kan ha ei god lokalavis som utfører sitt samfunnsoppdrag til beste for innbyggjarane. Slik kan ein halda lokaldemokratiet levande i bygder, bydelar og tettstader landet over.
LES OGSÅ: Frå kjøkkenbordet til lokalavisa
Etterutdanning og momskamp
Organisasjonen gler seg òg over at regjeringa føreslår å auka støtta til etterutdanning noko. Dei meiner behovet for etterutdanning og ny kompetanse er større enn nokon gong, som følgje av den digitale omstillinga.
No håpar LLA at det er mogleg å få støtte til eit avisløft under budsjettforhandlingane
Dei vil halda fram med arbeidet for 0-moms òg for journalistikk på nett, noko dei ventar vil gje resultat neste år.