Sveise­lærling til talent-finale med samisk rapp

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lærling imponerer med samisk rapp

Saka var først publisert i Sunnhordland.

Sist fredag vart Kevin André Boine stemt vidare i Norske Talenter. 16. oktober skal 22-åringen frå Tana prøva å kvalifisera seg til finalen i TV 2 sin talentkonkurranse.

Som i dei to innleiande rundane skal han bruka morsmålet sitt og rappa på samisk. 

I slekt med Mari
– Eg rappar på norsk òg, men i denne samanhengen trur eg at det er det samiske som gjer at eg framleis er med. Eg har lyst til å vinna og slik få vera med på å visa litt av det som skjer i den samiske musikkverda, seier Kevin André Boine.

Etternamnet hans har allereie ein god klang i internasjonalt musikkliv. Den store musikkstjerna Mari Boine er nær slekt. 

– Ho er søskenbarnet til far min, fortel Kevin André som har drive med musikk og rapping på fritida i mange år.

Målet er å bli musikar. Likevel drog han til Stord i fjor sommar og byrja som sveiselærling på Kværner.

– Det er godt å ha papira i orden og eitt yrke å falla tilbake på, seier han.

Førebels skriva han berre tekstane sjølv. Til å laga musikk til låtane han framfører i Norske Talenter har han fått hjelp frå ein annan samisk musikar, Rolffa, frå Karasjok.

LES OGSÅ: Snakk samisk t’ mæ

Rein fantasi
– Kva handlar tekstane dine om?

– Det er jo mykje kjærleiksgreier og slikt. Det er berre rein fantasi. Eg diktar alt opp og deler ikkje mitt private liv med andre, seier han.

Boine har tidlegare prøvd seg i Norske Talenter utan større hell. Etter å ha lagt musikken til sides ei stund, satsar han no for fullt medan han har sjansen til det. Opptrer ofte gjer han likevel ikkje, og på Stord har han aldri stått fram med rappen sin.

– Det har eg ikkje tid til å tenkja på ein gong. No er hovudet fullt oppteke med semifinalen, men alle på Kværner veit jo at eg er med i Norske Talenter.

– Kva reaksjonar har du fått frå publikum etter å ha stått fram med samisk rapp?

– Eg har berre fått positive tilbakemeldingar, seier Kevin André Boine som me snakkar med på telefon. Han er ikkje på Stord denne veka. Men i neste veke er han tilbake i kjeledressen.

LES MEIR: – Enklare å bruka samisk på sosiale medier

Iskaldt på Stord
– Kva synest du om Stord?

– Det er veldig vått og kaldt. Eg trudde eg skulle frysa i hel i vinter.

– Og det seier du som er voksen opp ved Tanafjorden. Der er det kaldt der!

– Men det er ein heilt annan og tørrare kulde. Eg har aldri vore ute for noko så kaldt som to minus og iskald vind på Stord.

– Så til neste sommar, når læretida er over, så tek du med deg sveisetang og rappetekstar og reiser ut i verda?

– Me får no sjå kva som skjer. No gler eg meg først og fremst til semifinalen i Oslo neste fredag. Det skal bli kjempekult, seier Kevin André Boine.

Sjå sveiselærlingen Kevin André Boine imponera dommarane med samisk rapp: