Regjeringa bruker rekordmykje oljepengar
Bruken av oljepengar aukar til 194 milliardar kroner i forslaget i statsbudsjett for neste år.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Fleire kjelder på Stortinget bekreftar onsdag morgon overfor NTB at Solberg-regjeringa legg opp til å bruke 194 milliardar kroner frå oljefondet i statsbudsjettet for neste år.
Det er 2,8 prosent av verdien til oljefondet.
LES OGSÅ: Dobbelt så mykje pengar til sykkel- og gangvegar
Det inneber ein auke i oljesmøringa med 25 milliardar kroner. I år har regjeringa anslått at det vil bli brukt 168,8 milliardar kroner frå oljefondet.
Regjeringa foreslår å kutte selskapsskatten til 25 prosent neste år, og ytterlegare ned til 22 prosent innan 2018, får NTB bekrefta. Personskatten skal senkast tilsvarande.
Dei samla skattekutta neste år blir noko under 10 milliardar kroner, får NTB opplyst. (©NPK)
LES OGSÅ: Vil skatte millionærane hardarde