Dobbelt så mykje pengar til sykkelvegar

Regjeringa lovar 600 millionar kroner til gang- og sykkelvegar i statsbudsjettet for 2016.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

600 millionar til sykkelvegar

Dette er dobbelt så mykje pengar som i budsjettet for 2015.

Dei 600 millionane vil i hovudsak bli nytta til å laga samanhengande sykkelvegnett i byar og tettstadar, og byggja ut strekningar knytt til skulevegar.

Regjeringa ser òg for seg 220 millionar kroner i ekstern finansiering av gang- og sykkelvegnettet.

LES OGSÅ: – El-sykkel kan bli ein konkurrent til bilane

1.400 kilometer asfalt
Til vedlikehald av vegar, særleg asfaltering, har regjeringa sett av 1,3 milliardar kroner, noko som vil gi nytt vegdekke på om lag 1.400 kilometer riksveg.

2,5 milliardar kroner skal gå til vedlikehald og fornying av tunnelar. Dette er 1,1 milliardar meir enn i dagens budsjett.

Regjeringa foreslår dessutan 808 millionar til ulike trafikktryggingstiltak neste år, som midtrekkverk, fleire strekningar med forsterka midtoppmerking, utbetring av terrenget langs vegane, veglys, utbetringar av kurvar og kryss, og rekkverk.

– Vi skal gjere det tryggare å ferdast på norske vegar. Difor fortset vi den breie satsinga på trafikktryggleiksarbeid. I statsbudsjettet er det satsing på betre vegar og gang- og sykkelfelt, framleis satsing på tungbilkontrollar, og tiltak for å hindra dei alvorlegaste ulykkene, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp).

LES OGSÅ: Syklar dobbelt så mykje med el-sykkel

Les meir om statsbudsjettet her!