30 millionar til betre læringsmiljø
Elevorganisasjonen rosar forslaget til regjeringa om å sette av 30 millionar kroner til tiltak som kan forbetre læringsmiljøet for elevane og hindre mobbing.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Midlane i den foreslåtte potten omfattar også oppfølging av oppskrifta til Djupedal-utvalet på korleis ein kan kjempe mot mobbeproblemet i skulen.
LES OGSÅ: Fryktar helsesøsterpengar forsvinn – igjen
– Regjeringa vil sikre at alle elevane får eit trygt læringsmiljø gjennom kontinuerleg arbeid for å førebyggje og nedkjempe mobbing. Det er ei viktig og riktig oppgåve vi rosar statsråden for å ta på alvor, seier Kristoffer Hansen, leiar i Elevorganisasjonen.
Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) foreslår også å etablere ein nettportal som skal gjere det enklare for elevar og foreldre å finne informasjon om mobbetiltak. Regjeringa vil dessutan løyve 15 millionar kroner til prosjektet «Et lag rundt eleven», der andre yrkesgrupper enn lærarar inngår i personalet i skulen for å styrkje læringsmiljøet. (©NPK)