– Staten bruker meir nynorsk enn før

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 I fjor var nesten eitt av tre stortingsdokument skrivne på nynorsk. Det er ei dobling sidan år 2000, då berre 13 prosent av stortingsdokumenta kom på nynorsk, ifølgje Ottar Grepstad.

I 20 år har direktøren i Nynorsk kultursentrum arbeidd med å utvikla, samla og analysera statistikk som dokumenterer utbreiinga av språk i Noreg. No er det heile samla i boka «Språkfakta 2015».

Kvar dag i 20 dagar blir eit nytt kapittel publisert på Aasentunet.no. I dag kan du læra meir om statleg språkbruk.

LES OGSÅ: Bryt mållova : Skriv for mykje nynorsk

Uviss målform
Både nynorsk- og bokmålsbrukarar har krav på å få offentlege skjema på eiga målform, uavhengig av kvar i landet dei bur og kva målform kommunen deira har.

I år 2000 var berre litt over halvparten av offentlege skjema tilgjengelege på begge målformer.  I 2013 vart delen auka til 78 prosent.

Prosentdelen av nynorskkommunar har halde seg stabil sidan 1970-talet. Per dags dato har 113 av 428 kommunar nynorsk som tenestemål. 158 har bokmål og 157 er språknøytrale.

«Der finst også kommunar der leiinga ikkje veit om dei er nynorskkommune eller ikkje,» skriv Grepstad.

Lov om målbruk i offentleg teneste – populært kalla mållova – vart vedteken i 1980. Lova seier kva rettar språkbrukarar har i møte med staten. Lova slår fast at nynorsk og bokmål er jamstelte språk og skal behandlast slik av statlege-, fylkeskommunale- og kommunale institusjonar. Dette betyr mellom anna at du har krav på svar på den målforma du skriv på og at politiet må senda ut informasjon – ja, til og med Twitter-meldingar – på nynorsk i nynorskområde.

Om lag fire av ti nynorskkommunar var misnøgde med den statlege oppfølginga av mållova då dei vart spurde i 1981, 2006 og 2011. Likevel var det knapt nokon av kommunane som følgde opp med klage.

LES OGSÅ: Målungdommen arresterer politiet for brot på mållova

Målform i kommunane 1932-2015:

Faktaboks

Fem fantastiske språkfakta

1. Tre av ti statsorgan oppfyller det lovfesta kravet om minst 25 prosent av kvart språk
2. 93 prosent av alle vedtekne lover er på bokmål
3. 97 prosent av rettsdokument for EØS-området i 2014 er på bokmål
4. Åtte av ti nynorskkommunar skriv alltid brev til privatpersonar på nynorsk
5. I 1924 ville fire av ti kommunar ha alt materiell frå Posten på nynorsk

Kjelde: Ottar Grepstad: Språkfakta 2015, Aasentunet.no

Ottar Grepstad: Språkfakta 2015

Det største verket nokon gong på norsk om utbreiing og bruk av språk

867 tabellar om språk i Noreg og verda gjennom fleire tusen år

19 kapittel, 38 tema-artiklar og eit avsluttande essay

Kvar dag kl. 07.00 i 20 dagar blir eit nytt kapittel publisert på Aasentunet.no

1700 sider i utskrift i A4-format