Snurrande statsrådar

Dette med kultur kunne umulig vare.

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Våt av sveitte og krokbøygd av skam»

Det er haust. Ei fin tid på mange måtar. Hausten er ei tid for å stå fram med legninga si. Ei tid for fjernsynspremierar. Ei tid då ferske lokalpolitikarar frå Miljøpartiet Dei Grøne øver seg på å seie ingenting når dei blir intervjua om samarbeid. Ei tid då NRK sender distriktsreporterar ut på forblåste øyer for å rapportere direkte om at i slikt vêr bør ingen vere ute på forblåste øyer.

Og ei tid for budsjettlekkasjar, som kanskje er det aller mest spennande. Denne veka har det — som du neppe har fått med deg — komme ut at Regjeringa trulig vil foreslå å kutte den såkalla knutepunktordninga for festivalar. Det vil seie at ein heil del norske festivalar mister millionstøtte over statsbudsjettet, og i staden må søke om støtte som anna folk. Festivalarrangørar som mister støtte er sjølvsagt sinte.

MEN EG TENKER: Dette kunne jo umulig vare. Dette med kultur. Og i alle fall ikkje dette med festivalar.

Eg har tenkt det ofte. Eg har sett det i blikka. I kroppsspråket. Det er eit spørsmål om tid, har eg tenkt.

Eg såg det igjen denne veka, i ein nyheitsreportasje om denne saka. I tilfelle sjåarane ikkje har heilt klart for seg kva ein festival er, blei det vist ei rekke glimt frå ulike festivalar. Og der såg eg dei igjen. Midt i dei festlige opptoga, midt mellom frie teatergrupper i striesekkar og halvnakne folk med blåseinstrument. Der var dei. Politikarane.

Og du ser det på dei. Dette kan ikkje vare, tenker dei.

Det er vi som betaler gildet, tenker politikarane, så då skal vi i alle fall ha noko igjen for det. Derfor drar dei til festivalane dei støttar, for å få litt ære. For å halde ein tale og klippe over eit eller anna. Men det er aldri nok. Det er festival. Då skal ein delta. Og politikarane som er ute for å kaste glans, dei må alltid delta. Dei må danse. Eller synge. Eller hoppe litt. Og det er aldri vakkert.

EG SÅG FLEIRE politikarar i festivalklippa i denne reportasjen. Der var ein statsråd som gjekk med ein kjepp i handa og prøvde å snakke naturlig med vaksne folk som har kledd seg ut som om dei kjem frå ei anna tid. Og der var ein annan statsråd, sannsynligvis i Molde, det er der dei driv med slikt. Han gjekk i gatene, midt i opptoget, omgitt av gladjazz og dans, og han prøvde å berre gå. Ikkje noko anna. Berre gå. Men så kjem ei litt for blid dame bort til han og gir han ein liten paraply, med ei klar oppmoding om å snurre litt på denne paraplyen.

Dette har han aldri gjort før. Han kan mykje, denne statsråden. Han kan nesten alt. Han er ein mann for framtida. Han er intelligent. Han har lese. Han har tenkt. Han har reformert. Men snurre ein liten paraply ved sida av ei litt for blid dame, det kan han ikkje. Men han må. For han kastar glans. Han er på festival. Og han blir filma. Så han snurrar på den vesle paraplyen. Han rødmar. Blikket flakkar. Og han seier til seg sjølv: Kva enn du gjer no, ikkje la nokon overtale deg til å danse. Aldri aldri aldri aldri danse. Så der går han, med flakkande blikk og rødmande kjakar, og snurrar nokolunde på ein paraply, i demonstrativ utakt. Han ser etter kamera, og han tenker: Dette kan ikkje vare.

DET MÅ HA SKJEDD meir enn ein gong at ein politikar har komme heim til regjeringa si etter ei slik oppleving, våt av sveitte og krokbøygd av skam, til resten av kollegiet som sannsynligvis sitt der og ler, for eg reknar med at dei politikarane som blir sendte på festivalopningar har tapt eit eller anna veddemål på regjeringsjulebordet. Og så seier politikaren: Aldri meir. Dette er siste gongen.

Dette kan ikkje vare.


Først publisert i Aftenposten 3. oktober.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!