Rekordmange asylsøkjarar til Sverige

Sverige anslår at det kjem rekordmange asylsøkjarar til landet innan året er omme. Ein må heilt tilbake til Balkan-krigen i 1992 for å finne eit så høgt talet på menneske som søkjer asyl.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rekordmange asylsøkjarar

Hittil i år har meir enn 74.000 menneske søkt asyl i Sverige, noko som betyr at det mest sannsynleg vil komme fleire enn dei 84.000 asylsøkjarane som kom under Balkan-krigen i 1992.

Dei fleste som har søkt asyl i Sverige er syrarar og afghanarar. For det meste er det mindreårige utan foreldre som har komme. I september aleine søkte over 24.000 menneske asyl i Sverige, meir enn dobbelt så mange som i august.

LES OGSÅ: Nynorsk for vaksne innvandrarar

Ikkje førebudde
Analytikar Helena Carlestam i det svenske Migrationsverket seier at landet var førebudd på den vanlege auken i talet på asylsøkjarar som er normalt i sommarmånadene.

– Men vi var ikkje førebudde på denne skredliknande auken, seier ho.

Leiar for det svenske Migrationsverket, Anders Danielsson, sa til Dagens Nyheter for rundt ein månad sidan at det er forventa i overkant av 90.000 asylsøkjarar til landet i år.

Sverige har ei befolkning på 9,8 millionar menneske, og tok imot 81.000 asylsøkjarar i fjor.