Fosse utnemd til æresdoktor

Ida Bergitte Andersen Hundvebakke
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Universitetet i Bergen har fått fire nye æresdoktorar. Det melder universitetet sjølv i ei pressemelding.

Universitetsstyret vedtok i mai å utnemna forfattar Jon Fosse, professor Helga Nowotny, forretningsmann og mesén Trond Mohn og tidlegare visepresident i USA, Walter F. *Mondale, til æresdoktorar ved Universitetet i Bergen.

LES OGSÅ: Fosse-perle i hardangerdrakt

Rørt og takknemleg
Jon Fosse var den første som fekk tildelt diplomet sitt under seremonien, og er òg den einaste av dei fire som har studert ved Universitetet i Bergen. Dei skriv at Fosse er Noregs fremste nolevande forfattar og diktar, og han har i fleire år vore nemnt som ein kandidat til Nobelprisen i litteratur. Fosse er alumnus frå Universitet i Bergen med blant anna hovedfag i litteraturvitskap.

– Eg har aldri tenkt på å ta doktorgrad, men skulle eg gjera det måtte det verta på denne måten. No er eg ikkje berre ein slask og ein slaur, men òg ein doktor. Eg er rørt og takknemleg, sa Fosse i pressemeldinga.