Å gjere godt

Are Kalvø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vitskapen blir ikkje heilt klok på verdsrommet. Det er ikkje nok materie der ute til at det skal henge i hop. Om dei fysiske lovene som me har gjort universelle her på jorda også skal vere gjeldande i verdsrommet, så er det rett og slett ikkje nok stein, støv og gass. Det er noko som manglar i reknestykket. Løysinga er å insistere på at dei same lovene gjeld, og å kalle det som manglar, mørk materie. Det er noko ein ikkje kan sjå, men som påverkar oss. Noko ein veit er der.

LES OGSÅ: Siste nytt frå verdsrommet

Kjenslereise
Det er lite verdsrom og vitskap i den nye boka til Tormod Haugland, men nok av ting som ligg og murrar.  Atle Vilder er ein arbeidsledig kar i femtiåra som kosar seg med å lage møblar i garasjen og ta seg ein fisketur i ny og ne. Men eit brev frå kona som han ikkje har snakka med på tjueåtte år, og ein invitasjon frå faren som han ikkje har snakka med på ti år, rykkjer han ut av kvardagen. Kona vil ha kontakt, faren vil ha han med på ei veldig satsing på det lokale fotballaget. Vilder kastar seg ut i det, vel vitande om at han er lokka inn i noko han aldri ville ha sett i gang sjølv.  

– Du kan ikkje endre det som har skjedd, du må berre leve med det, seier Tormod Haugland.

– Du kan tilgje og du kan gjere det godt att, men du kan aldri gjere det om. Det er slik det er. Han møter seg sjølv i døra, og må møte ting han ikkje er heilt førebudd på, og som er problematisk, både moralsk og kjenslemessig.

Det er ikkje måte på kva han skal heim att til. Han skal flytte tilbake, han skal arbeide for den gamle fotballkubben, han skal få kontakt med kona og han skvære opp med faren.

– Det er råd å gjere den reisa, men ting kan ikkje bli som dei var. Vilder lurer på kor realistisk dette er. Heile romanen kviler på ein idé om at det ligg ei opning i denne returen, utan at han heilt veit kva denne opninga er. Det handlar mykje om å prøve å nærme seg noko vondt, gjere godt noko som har vore vanskeleg. Han ser at faren strekkjer ut ei hand, men han ser ikkje kva som er i handa, og veit ikkje om han skal ta i mot. Samstundes er han dregen mot det at kona er attende, og denne satsinga på eit nytt svært stadion. Men ikkje for ein kvar pris. Han vil ikkje miste andlet. Han har ei stoltheit, på godt og vondt, seier Haugland.  

LES OGSÅ:Fjelldanskar og bokmålspuddingar

Lagspel
Vilder opplever ein sterk ambivalens. Fotball har ein stor plass i romanen, og undervegs set han opp ei liste over dei involverte. Han ser sjølv at det liknar ei lagoppstilling, og spelet blir endå tydelegare. Det er faren som er kapteinen på dette laget, det er han som har sett det heile i gang for å lure sonen heim. Men dei gitte sanningane får brynt seg, og brått er han ikkje så ferdig med fortida likevel.

– Han har ikkje så mykje i det gamle livet. Han har vinen, huset, garasjen og stolane sine. Men han er eigentleg veldig åleine. Kor tilfreds han er, er vanskeleg å seie. Han er oppteken av dei andre, dottera som han treff ofte, og faren som han ofte tenkjer på, men ikkje har kontakt med. Han er nok knytt til familien, noko han både er klår over og nektar for. Han prøver hardt å vere ferdig med det som har skjedd.

Det kan verke som om alt ordnar seg, men gjer det eigentleg det?

– Boka legg opp til denne tvilen. Det er ei overdriven tru på framtida, t.d. at kona kjem heim til det huset dei vart tilbydd for 28 år sidan, det er jo absurd. Det er så unaturleg at me sit att med eit ubehag. Det er ikkje til å unngå. Det er ikkje noko eg har prøvd å hindre. Det er på mange måtar det boka handlar om. Ein sterk vilje til at det skal ordne seg, men utan svar på om det faktisk gjer det.  

Er dette ein oppvekstroman?

– Det er element av det her, ein vaksen mann som ser attende. Det er nokre sentrale scener der han tenkjer på mor si og ho han giftar seg med. Dei var viktige å få med for å syne at det finst ein ungdom her, syne fram det som har skjedd før. Men eg vil ikkje kalle det ein oppvekstroman, det er for lite om oppveksten. Eg hadde ikkje greidd å skrive boka om oppveksten var sentrum, eg ville byrje i notida og sjå attende. Eg hadde ein idé om at boka hadde eit tiårsperspektiv, men det vart veldig vanskeleg. Det vart for omfattande.

LES OGSÅ: På veg mot forfattardraumen

Vestland, Vestland
Det er mykje som minner ein om Vestlandet generelt. Denne naive trua på at ein skal greie å stable eit topplag i fotball på beina, det uavklarte mellom far og son, fiskeoppdrett, drikke øl i ein hotellbar. For ikkje å late det vere nokon tvil tek boka til med "Eg heitte Atle Vilder, var femtito år, og budde i eit eldre hus ein stad på Vestlandet."

– Eg er medviten om kvar eg kjem frå. Det er ein styrke, og det kan vere ei svakheit. Men eg trur at eg representerer ein type mentalitet som er typisk for den plassen eg kjem i frå, ein nordhordlandsmentalitet. Det prøver eg å bruke. Det hender at karakterane mine tek seg ein Oslo-tur, men dei er like fullt vestelendingar. Ein må berre nytte det ein har. Eg byrjar alltid med eit bilete, ein situasjon som eg kjenner. Eg finn aldri på det, eg må ha ein nærleik. Og så får det går som det går.

Så du har spelt fotball sjølv?

– Du kan seie at eg kjenner fotball og miljøet rundt. Eg har trena lag, men ikkje på seniornivå, og eg har spelt sjølv. Eg kjenner lukta i garderobane, så eg har vore i nærkontakt, ja.

Du underviser på Skrivekunstakademiet og sit i Det litterære råd hjå Forfattarforeininga. Det er ikkje slik at du blir påverka av alt det du les?

– Eg kan ikkje tenkje på kva dei andre skriv. Ein les heile tida. Ein blir jo påverka. Det einaste er at eg prøver å unngå å likne på andre. Men det gjeld uansett om eg sit i rådet eller ikkje. Det siste ein vil, er å falle inn i båsar ein ikkje kjenner seg heime i. Kor sint vart ikkje Marit Eikemo då ei av bøkene hennar vart kalla "chick lit"? Om nokon blir skulda for å skrive "skitten realisme" i dag, så har ikkje det nokon god klang. Det er ikkje ein merkelapp ein har lyst på. Det betyr ikkje at ein ikkje skal skrive det, men ein må gjere det på ein måte som ikkje er gjort før.

Og kva er metoden din, når du no tek det endelege oppgjeret med elitesatsinga i små fotballklubbar på Vestlandet?

– Skrivinga mi har aldri vore eit oppgjer, og det er vanskeleg å vekte den eine boka opp mot den andre. Eg prøver å skrive jamt. Det er viktig. Eg likar å skifte mellom sjangrane, både språkleg og sjangertype. Det er utfordrande, men det får meg vidare.  Det er det som driv meg.

 

Fakta

Tormod Haugland debuterte med romanen Underi 1994, og har sidan gjeve ut romanar, noveller, dikt og dramatikk. Arbeider ved Skrivekunstakademiet i Bergen. Sit i Forfatterforeningen sitt Litterære råd.  

Aktuell med romanen Mørk materie.