Tips til haustturen

Ida Bergitte Andersen Hundvebakke
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei siste ti åra har medlemsmassen til DNT ung dobla seg. Over 33 000 unge mellom 13 og 26 er medlem av Noreg sin største friluftsorganisasjon for ungdom. Det skriv foreininga i ei pressemelding.

– Stadig fleire får augene opp for kor bra friluftsliv er, og kor mange mogelegheiter som finst. Og ikkje minst kor kjekt det er å gå saman med folk på eigen alder. I DNT ung er det tusenvis turglade ungdommar i foreiningar over heile landet ein kan treffa for nærturar eller lengre hytte-til hytte turar, seier Stig Øystein Schmidt i pressemeldinga.

LES OGSÅ: Lovande medlemstal i DNT

Underhaldning og pakkeliste
Han og DNT ung har fleire tips til haustturen:

* Planlegg godt i forkant. Kva er målet, kven handlar inn mat, kven tek med med spel, har nokon i venegjengen gått turen før eller skal ein utvald ta ansvar for orienteringa?

* Underholdning og kos er viktig. Kva med å laga ein quiz? Syt òg for nok mat og sjokolade, ein vert ekstra svolten av den friske fjell-lufta!

* Bu fast på ei hytte og gå dagsturar. Det fins mange ubetjente og sjølvbetjente hytter som er lite besøkt, og då kan ein fort få luksusen av å ha den heilt for seg sjølv.

* På hausten kan forholda i fjellet fort bli vinterlege. Det er ikkje uvanleg med snø frå 1000-1200 meter. Difor er det viktig å ha med nok varmt skift.

LES OGSÅ: Vil gjere det enkelt å kome seg ut