– Vestlandet får sitt beste turistår nokosinne

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Overnattingstala for august blei lagt fram av Statistisk sentralbår (SSB) fredag, og med det kan dei åtte første månadene av reiselivsåret summerast opp.

– Eg veit at tala for september òg blir veldig gode. Vestlandet kjem til å få sitt beste turistår nokosinne, seier administrerande direktør i Fjord Norge, Kristian Jørgensen.

LES OGSÅ: Norske fjordbygder banar veg

Gode tal for Vestlandet
Fjord Norge-sjefen viser til at utanlandsveksten for hotella i dei fire vestlandsfylka er på 16 prosent til no i år, dersom ein måler mot same periode i fjor. Med det er vestlandsregionen med på å trekkje dei nasjonale tala oppover, viser han til. Også augusttala står sterkt aleine.

– Augusttala er fantastisk gode. På hotellsida er det ein vekst frå utlandet på 22,9 prosent. Eg kan ikkje hugse sist vi hadde så gode augusttal i dei åra eg har vore i Fjord Norge, fortel han.

Jørgensen viser til at det samla for hotell, campingplassar, hyttegrender og vandrarheimar i Fjord Noreg er det ein vekst frå utlandet på 13,4 prosent sett opp imot same månad i fjor, som er over den nasjonale veksten.

LES OGSÅ: Aktive feriar er i vinden

Nasjonal hotellvekst
Ser ein på landet under eitt, blei det i dei tre sommarmånadene i år registrert 7,8 millionar overnattingar ved norske hotell. Det er 662.000 fleire enn i juni, juli og august i fjor. Dette svarar til ein auke på ni prosent, ifølgje dei ferske tala frå SSB.

Talet på utanlandske overnattingar gjekk opp åtte prosent sett opp imot sommarmånadene i fjor, medan auken i norske overnattingar er på tolv prosent.

Ser ein berre på august månad var det 2,5 millionar overnattingar ved hotella i Noreg denne månaden, som er ein auke på seks prosent sett opp imot august 2014.

– Med det stadfestar augusttala endå ein rekordsommar for norske hotellovernattingar, skriv SSB.

Innanfor ferie- og fritidsovernattingar er det ein auke på 16 prosent frå august 2014 til august i år.

LES OGSÅ: Norske stavkyrkjer stadig meir populære

Vekst for camping og hytte
Også dei norske campingplassane kan notere ein vekst i august i år, sett opp imot same månad i fjor. 1,3 millionar overnattingar utgjer ein vekst på fem prosent.

For hyttegrendene blei det registrert 340.000 overnattingar i august, også det ein oppgang på fem prosent frå same månad i fjor. (©NPK)


Geirangerfjorden er eit populært reisemål. (FOTO: Hallvard Østrem / NPK)