– Heilt fantastisk! Dette var litt av ein treff. Det kjem garantert aldri til å skje det same ein gong til, ler gardbrukar Liv Oddrun Maurstad i Skjåk.

Vigdis Kroken, Fjuken
Vigdis Kroken, Fjuken

Saka var først publisert i Fjuken.

Ti år gamle Helle, ei ku av rasen dølafe, kalva den 25. september. Ho fekk ein kukalv.

Ingenting pussig med det, men berre eit par timar etterpå fekk dotter til Helle, nemleg Snåta, også ein kalv. Dermed vart Helle både mor og bestemor same dag.

LES OGSÅ: Noregs eldste ku er død

– Og ikkje nok med det, for berre stutt tid etter det att fekk også Iris kalv, og ho er dotter til Snåta og barnebarnet til Helle. Dermed vart Helle både mor, bestemor og oldemor i løpet av få timar. Ein skulle tru det ikkje gjekk an, men det gjorde det jammen, seier Liv Oddrun, glad for at alt har gått bra med kalvinga så langt.

– Helle er ei fantastisk ku. Ho har godt lynne og ho er ei god mjølkeku. Ho har aldri vore sjuk, med unnatak av eit par tilfelle med mjølkefeber. Denne dagen, den 25. september. Eg kjem aldri til å gløyme det. Slike hendingar er som ei drivkraft for alt eg driv med. Det er stort, rett og slett, seier den blide gardbrukaren i Skjåk.

LES OGSÅ: Blosom er den høgaste kua som har levd

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.04

LES OGSÅ

ANNONSE