Fortvila albanarar i kyrkje-asyl

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka stod først på trykk i Sunnhordland avis.

TV-journalist Genci Angjellari (30), arkitekt Fatjona (26) og dottera deira på vel eitt år har sidan før helga budd i kyrkjerommet i Nysæter kyrkje. Bakgrunnen er at dei fredag morgon klokka 05.00 vart henta av politiet på Heiane mottakssenter, der dei har budd dei siste månadene.

LES OGSÅ: Mot flyktningstraumen

Politiet frakta dei til Oslo og innlosjerte dei på hotell der for å venta på flytransport til Albania dagen etter. Men då forlét den vesle familien hotellet og reiste vestover igjen med tog til Bergen.

– Politiet heldt ikkje vakt over oss. Me gjekk først innom ei kyrkje i Oslo, men dei rådde oss til å oppsøkja kyrkje der me kjende folk. Då bestemte me oss for å reisa til Stord igjen, der me har fått gode vener, seier Genci Angjellari.

Kyrkja
Kyrkjeasylantane overnattar og oppheld seg i sjølve kyrkjerommet. Fleire medlemmer i kyrkjelyden her og frå Bømlo deler på å hjelpa asylsøkjarane med mat og omsorg. Ekteparet Solveig Færevaag Nome og Johan Nome er to av dei. 

– Me har svært vondt av dei. Det er ikkje tvil om at dei fryktar for å reisa tilbake til Albania, der dei hadde jobbar, husvære og familie. Sjølvsagt ville dei helst vore der dersom dei kunne kjenna seg trygge, seier dei to medan dei har den vesle jenta på fanget.

 – Me er fleire som no deler på å vera her med dei. Tysdag skal soknerådet ha møte, der dei skal ta stilling til korleis denne situasjonen skal løysast framover, seier Solveig Færevaag Nome.

Korrupsjon
Dei kom til Norge og søkte asyl 22. november i fjor og budde først på Bømlo. TV- journalisten jobba med fleire saker om korrupsjon i heimlandet Albania og hevdar at han vart truga med kniv og banka opp på ein politistasjon.

Han hevdar at politisjefen truga med å drepa han og familien hans dersom dei publiserte opptak. TV-kanalen han jobba for, Agon, vart stengd av styresmaktene 16. juni i år, ei veke før valet i Albania.

– TV-kanalen var kritisk til styresmaktene og avslørte korrupsjon. Difor stengde dei kanalen, seier Genci Angjellari.

Advokaten
Arild Birkeland er advokat for familien. Han meiner det er svært sannsynleg at TV-journalisten er blitt truga og at han risikerer livet om han reiser tilbake til Albania.

 – Amnesty International har laga eit oversyn over andre journalistar som har måtta flykta frå Albania fordi dei er i fare som følgje av jobben. Organisasjonen Reporters Without Borders (Journalistar Utan Grenser) har erklært at dei er overtydde om at journalisten ikkje er sikra tryggleik ved retur, og dei oppmodar på det sterkaste om at han får bu trygt i Norge, seier Arild Birkeland.

LES OGSÅ: Når truleg ikkje returmåla

Han viser også til at to kvinnelege albanske journalistar nyleg har fått asyl i Sverige. Ei av desse var kollega med Angjellari i TV-kanalen.

Avslag og håp
Utlendingsnemnda har to gonger avslått asylsøknaden, seinast sist torsdag, få timar før politiet kom. Då advokat Arild Birkeland fekk melding om siste avslaget og at politiet var i ferd med å senda dei ut av landet, skreiv han melding til Oslo byfogdembete med krav om at familien får bli her i landet til dei har fått saka ført for tingretten i Oslo. 

– Eg kjem til å møta hos Byfogden neste veke, medan kyrkjeasylantane kan vera med via Skype her frå kyrkja. Byfogden brukar truleg om lag ei veke på å avgjera om dei får bli her til me får sak opp i tingretten. Altså kan det no gå tre veker før dei veit om dei trygt kan gå ut av kyrkjeasylet fram til ei tingrettssak.

TV- journalisten er også utdanna marinbiolog og seier at han i Norge gjerne også jobbar som det. Kona er utdanna arkitekt. No er dei fortvila over situasjonen og uroa for dottera. Men å reisa tilbake til Albania er jamgodt med å gå i døden, seier det unge ekteparet. 

– Eg har god tru på at Oslo tingrett vil kunna sjå på saka deira med andre auge enn Utlendingsnemnda har gjort, seier advokat Arild Birkeland, og slik gjev han kyrkjeasylantane håp.

LES OGSÅ: Vil du husa ein flyktning?