Bruk av dialekt minst akseptert i Oslo

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Å bruke dialekt er mest akseptert i vest og nord, minst i hovudstaden. Dette kjem truleg  ikkje som ei overrasking på dei fleste. I desse områda står dialektbruken sterkt, medan mange som flyttar til Oslo legg om dialekta.

Kvar dag i 20 dagar publiserer Aasen-tunet eit kapittel frå Ottar Grepstad sine «Språkfakta 2015». I dag kan du læra meir om kva me nordmenn faktisk meiner om språk.

LES OGSÅ: – Størst språkleg mangfald i Aust-Europa

Nynorskelevar føretrekkjer bokmål
Noreg er i ferd med å bli tredelt språkleg: dialekt i nord, nynorsk i vest, bokmål i aust.

Nynorskbrukarane finst i alle fylka, truleg òg i alle kommunar. Ein av tre nynorskbrukarar bur ikkje på Vestlandet, sjølv om det er der dei er mest konsentrerte.

Tre av ti likar å lese nynorsk. Dei fleste av desse bur i Oslo eller på Vestlandet – gjerne i nynorskkommunar. 

Jamt over likar nynorskelevane betre å lesa bokmål enn nynorsk.

LES OGSÅ: Meir kriminalitet i bokmålskommunar

Inntektsforskjell
Dei som tener lite, er meir positive til både nynorsk, dialektar og nye varige minoritetsspråk enn dei som tener mykje.

Dei seinare tiåra har Noreg fått innvandrarar frå over 200 land og sjølvstendige regionar. Desse har med seg endå fleire morsmål, men buset seg mest på Austlandet.

Éin av tre svara i 2013 at dei likte at Noreg blir eit meir fleirspråkleg samfunn, like mange verken likte eller mislikte det, og ein av tre likte det dårleg. 

Ein større del av innvandrarane i nynorskkommunar kjem frå vestlege land enn i resten av landet, skriv Grepstad.

LES OGSÅ: – Eg skriv som eg snakkar

Engelskskeptiske  nynorskmenn
Ifølgje Grepestad er bokmål under større press frå dialektar og engelsk, enn det nynorsk er. Dei som tener minst og mest er dei som er mest positive til meir engelsk i Noreg.

Nynorskbrukarane er meir kritiske enn bokmålsbrukarane til auka bruk av engelsk. Menn ser òg ut til å vere meir skeptiske enn kvinner til angliseringa av språket vårt. 

Vidare jamstilling av nynorsk og bokmål? 

Faktaboks

Ti fantastiske språkfakta

1. 48 prosent meiner det er ein fordel med to norske språk, nynorsk og bokmål
2. 84 prosent i Finnmark og 3 prosent i Sogn og Fjordane ser ingen slik fordel
3. Sidan 1965 har 40–50 prosent av veljarane vore interesserte i språkspørsmålet
4. 71 prosent er usamde i at dialektar blir brukte for mykje
5. Sju av ti er negative til at butikkane bruker den engelske nemninga «sale»
6. I Oslo og på Vestlandet meiner fleirtalet at nynorsk og bokmål skal vere jamstilte språk
7. 500.000 budde i det som frå 1930 blei nynorskkommunar, og 500.000 bur der i 2015
8. Nynorskkommunane i Hordaland har fått 14 prosent fleire innbyggjarar etter 2000
9. 45 prosent av vestlendingane og 15 prosent av nordlendingane liker å lese nynorsk
10. I 2014 brukte norske massemedium «bokmål» 1707 gonger og «nynorsk» 3832 gonger

Kjelde: Ottar Grepstad: Språkfakta 2015, Aasentunet.no

Ottar Grepstad: Språkfakta 2015

Det største verket nokon gong på norsk om utbreiing og bruk av språk

867 tabellar om språk i Noreg og verda gjennom fleire tusen år

19 kapittel, 38 tema-artiklar og eit avsluttande essay

Kvar dag kl. 07.00 i 20 dagar blir eit nytt kapittel publisert på Aasentunet.no

1700 sider i utskrift i A4-format