Ikkje fleire kvinner i kommunestyra
Kvinnedelen i norske kommunestyre ligg på same nivå som i 2007 og 2011 viser ein gjennomgang NRK har gjort etter valet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
NRK har gjennomgått 100 norske kommunar etter kommunestyrevalet i midten av september. Resultatet viser at kvinnedelen i kommunestyra ligg på 38 prosent.
LES OGSÅ: – Går glipp av politiske talent
Kommunal- og moderniseringsdepartementet starta i fjor eit prosjekt for å få fleire kvinner i lokalpolitikken. 72 kommunar i landet som etter førre val hadde mindre enn 30 prosent kvinnelege folkevalde, fekk tilbod om hjelp for å få betre kjønnsbalanse. Kvinnedelen i kommunestyra etter valet i år er likevel den same som i 2007 og 2011.
– Ein gjennomgangsmelodi når vi har vore ute i kommunestyra, er at det kanskje er vanskelegare å motivere kvinner til å stille, seier valforskar Yngve Flo ved Universitetet i Bergen.
Han har funne at årsaka til kvinnemangelen er at menn nominerer menn til partilistene.
– Veldig mange parti plasserer menn, og gjerne politisk erfarne, middelaldrande menn, i nominasjonskomiteane. Og sjølv om viljen ofte er den beste, så tenderer dei til å finne folk som er like seg sjølve, seier Flo til NRK.
LES OGSÅ: Vil ha kvinner inn i kommunestyra