Tilrår lengre støtte frå barnevernet

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Høgskulen i Oslo og Akershus skriv hos Forskning.no om barnevernsbarn sin overgang til vaksenlivet. Dette er barn og unge vaksne som oftare får sosialhjelp, og har lågare inntekt. Inger Oterholm, høgskulelektor ved Diakonhjemmet i Oslo, meiner det er behov for ein betre overgang frå barnevernet til NAV for denne gruppa.

– Unge vaksne med barnevernsbakgrunn bør få støtte frå barnevernet over lengre tid enn dei får i dag, seier Oterholm.

Ein av grunnane er mellom anna at det tek lengre tid å få gode overgangar til vaksenlivet om ein har bakgrunn med barnevernet, står det hos Forskning.no.

Barnevernsbakgrunn er ei påkjenning – Tre av fire barnevernsbarn slit psykisk

Oterholm legg vekt på at barnevernet har ein annan tenkjemåte enn NAV. Hos barnevernet blir bakgrunnen og tilhøyrigheita lagt meir vekt på, medan NAV fokuserer helse og økonomi her og no.

– NAV vil i større grad vera opptekne av at ungdommane skal oppnå sjølvforsørging også på kort sikt. Det gir ikkje ungdommen ein fleksibilitet og støtte i overgangen slik andre foreldre ofte gjer, seier Oterholm.

Sjekk kor mykje kommunen din brukar på barnevern, og mykje anna, her!