Slik unngår ein køar i år 2015

Eit internettsøk er alt som skal til for å unngå kø i butikken – eller restauranten.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Artikkelen er henta frå Bladet Sunnhordland

I sommar lanserte søkjegiganten Google ei ny og verdsomfattande teneste som heiter «populære tidspunkt». Som forutan opningstidspunkta til bedrifter ein søkjer på også viser dei mest besøkte tidspunkta.

– Når brukarane søkjer etter ein favorittrestaurant, ein bar eller eit treningssenter på Google, ser dei når staden har flest besøkjande og når dei kan dra fordel av lågare pågang, skriv Google i ei melding på sine heimesider.

På Spar Ådland ser det ut til å vera flest kundar fredagar klokka 16. Torsdagar klokka 16 er det mykje rolegare. Foto: SKJERMDUMP/GOOGLE

LES OGSÅ: Positiv til at PST driv datasnoking

For å kunna levera denne typen ultralokal informasjon, er Google avhengig av å kunna spora dei fysiske bevegelsane til ei større mengde menneske over tid. Og det er her søkjegiganten sine mobilappar kjem inn i biletet.

Millionar av menneske verda over brukar Google, eller Google sine telefonapplikasjonar. Og ved hjelp av brukarar som har samtykkja med Google om å dela sin posisjon anonymt, kan søkjegiganten offentleggjera statistikk på denne informasjonen.

Hos McDonalds på Heiane virkar det å vera desidert mest folk søndagar klokka 16. Tysdagar klokka 17 kan det derimot vera ganske så roleg. Foto: SKJERMDUMP/GOOGLE

LES OGSÅ: Google: Ja, me les e-posten din

Ifølgje Google gjeld ikkje dette alle, men berre visse typar bedrifter. Me prøvde oss på søkjefunksjonen og har førebels funne statistikk for desse bedriftene i Stord: McDonalds på Heiane, Rema 1000 på Bjelland og Spar Ådland.

Dei rolegaste tidspunkta er som regel alltid i timane rett etter butikken opnar, og i timane før stengjetid. Men enkelte dagar kan ein også finna rolege tidspunkt midt på dagen.

Om ein søkjer på bedrifter på Google sitt nettsøk, får ein på enkelte lokale bedrifter opp «Populære tidspunkt» heilt til høgre i søket. Foto: SKJERMDUMP/GOOGLE