– Skummel feil ved valoppteljinga

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Store feil vart oppdaga ved oppteljinga av stemmene etter valet i Sør-Odal.

Det var Sigvardt Pran som tilfeldig oppdaga feilen i teljinga. Han sjekka valresultata i heimkommunen Sør-Odal i Hedmark.

– Eg visste at eg hadde gitt ein slengar til ein person som eg såg stod med null slengarar i valresultatet, seier Pran til NRK.

Då valstyret vart gjort oppmerksam på dette, telte dei alle stemmene på nytt. Blant dei 3.802 stemmene i den vesle kommunen fann dei 113 feil. Delen med feil overført til Oslo ville betydd 10.000 feilaktige stemmer i hovudstaden.

LES OGSÅ: Her stal dei unge valshowet

I mange tilfelle er det få stemmer som skal til for å endre samansetjinga av kommunestyra.

Valstyret i Sør-Odal vart forferda over det dei fann etter nyteljinga. Etter nyteljinga mangla det berre ei stemme for at det skulle bli endringar i kven som vart valt inn i kommunestyret.

– Det er skummelt. Det er jo tette val i mange kommunar, og viss det er så mykje feil rundt omkring, får vi eit valresultatet som ikkje nødvendigvis viser kva veljarane har prøvd å seie, seier Sigrun Kristoffersen i valstyret i Sør-Odal.

Ho meiner systemet ikkje er godt nok.

– Skannaren verkar for dårleg, rett og slett. Vi må tenkje oss om før vi stoler altfor mykje på teknologien. Vi må ha menneske til å overvake det som skjer, seier Kristoffersen.

LES OGSÅ: Denne ordføraren ber om lågare løn