Denne ordføraren ber om lågare løn

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Les saka i Nordhordland.

I eit notat til kommunestyret rår ordførar Jon Askeland i Radøy kommune til at hans godtgjersle for den kommande perioden vert sett til 90 prosent av den godtgjerdsla ein stortingsrepresentant får.

Det medfører ein reduksjon på 10 prosent frå inneverande periode, då Radøy vedtok at ordførargodtgjersla skulle følgja stortingsrepresentantane.

Fleire kommunar i Hordaland følgjer det same prinsippet, men ordføraren i Lindås har høgare løn. Frå 1. mai 2015 er årleg fast løn for stortingsrepresentantane NOK 885. 491 i året. Ordføraren i Radøy meiner altså at dette er for mykje.

– Eg meiner at deira godtgjersle har auka så mykje dei siste åra, at det ikkje lenger er rett at Radøy følgjer dette prinsippet fullt ut, skriv Askeland.

LES OGSÅ: Difor vil Kåre Martin (22) bli ordførar