Har du ei Glædespige i slekta?

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kven budde på heimstaden din for 124 år sidan? Kva dreiv dei med, kven levde dei saman med, og kvar budde akkurat dine forfedrar?

Det kan du finne svar på i datasamlinga Digitalarkivet, der Riksarkivet har digitalisert folketeljinga frå 1891. No gjer dei den store datasamlinga søkbar for alle interesserte.

Frå glædespiger til statsministrar
I folketeljinga kan du finne både kjende og ukjende nordmenn, og sjå korleis dei levde og kven dei budde i lag med. I Christiana kan du til dømes finne ut kven alle dei fastbuande var, og sjå kven dei 240 fangane ved Akershus straffeanstalt var. I Bergen finn ein alt frå ei «Glædespige» til tidlegare statsminister Christian Michelsen.

LES OGSÅ: Siste nytt frå verdsrommet

I tillegg kan du finne ut heil ein del om slekta som kanskje ikkje ville vore innanfor å spørje om i dag. Alle måtte til dømes fylle ut om dei var «Sindssvag, Døvstum eller Blind» og kva stilling ein har til «Familiens Hovedperson». Var du mannen i familien, kunne du streke under «Selv Hovedperson», til skilnad frå om ein var til dømes «Hustru, Søn, Datter, Tjenesteytende, Logerende».

Som gift kvinne, måtte ein i tillegg svare på om ein var i slekt med sin ektemann.

– At ein oppgav posisjon i forhold til mannen i familien er eit typisk uttrykk for eit samfunn der mannen vart rekna som familiens ubestridde overhovud, seier Kristian Hunskaar, som er underdirektør i Seksjon for digital tilgjengeleggjering i Riksarkivet.

Han trur spørsmålet om ektefellar var i slekt kan ha hatt å gjere med ei oppmjuking av ekteskapslova tidlegare i århundret.

– Kvifor berre kvinnene måtte svare på dette, veit eg ikkje. Spørsmålet er unikt i teljinga frå 1891, og kan ha hatt samanheng med at ekteskapet tidlegare hadde vore strengt loveregulert. Lova vart endra slik at ein ikkje trengte å søke tillating om å gifte seg som tremmingar litt ut på 1800-talet, og ein ville kanskje kartleggje effekten av denne endringa, trur Hunskaar.

Alle landsdekkjande folkteljingar på nett
Den aller første komplette folketeljinga fann stad i 1801. Då registrerte ein både namn og alder på alle innbyggjarane i landet. Før det var det gjort ei rein statistisk teljing i 1769, der ein talte opp antall innbyggjarar og delte dei i aldersgrupper. Det første forsøket på ei folketeljing ein kjenner til i dag er frå 1664, men då registrerte ein berre menn.

LES OGSÅ: Er mat eit større tabu enn sex?

Med publiseringa av teljinga frå 1891, er alle dei landsdekkjande folkteljingane gjort tilgjengelege på nett, anten som scanna bilete eller søkbare. Serien inkluderer då teljingar frå åra 1801, 1865, 1875, 1891, 1900 og 1910.

– Akkurat 1891 er ei spesiell teljing, for den har eit ark per person og ein per bustad. Dermed var det mykje meir papir å forholde seg til, enn i teljingar der ein berre har ein setel per bustad, fortel Hunskaar.

Med unntak av 1920, vart ikkje denne ordninga nytta korkje før eller seinare. Hunskaar trur dei store dokumentmengdene har gjort folketeljinga frå 1891 mindre brukt av slektsgranskarar og historikarar.

– Denne folkteljinga vil vere spesielt interessant for grupper som slektsgranskarar, lokalhistorikarar og bygdebokforfattar, meiner han.

Treng frivillig hjelp
For 124 år sidan var folketalet i Noreg rett over 2 millionar. I praksis har Riksarkivet skanna og lagt ut 2,4 millionar folketeljingslister som bilete, inkludert dokument som personsetlar, huslister, hovudlister, og i nokre tilfelle oppgåver over husdyrhald og skipslister.

Så langt er berre 32 av i alt 559 byar søkbare, for til den jobben er nemleg Digitalarkivet avhengig av frivillig hjelp.

– Etter kvart som vi gjorde bileta tilgjengelege i Digitalarkivet, opplevde vi at mange frivillige var interesserte i å skrive informasjon til bileta og dermed gjere dei søkbare. Vi er veldig glade for dette. Det gjer at arkiva blir brukt endå meir, seier Hunskaar.

Arkivverket håper at fleire frivillige no vil vere med å transkribere den store datasamlinga, slik at det går an å søkje i teksten.

LES OGSÅ: – Alle er i slekt med alle i Europa