Diplom til ei driftig dame

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Fjuken.

Kveldsros er ei godt vaksen dame. Ho fylte 15 år i juli. Så langt i livet har ho vore frisk og sprek. Berre to gonger har ho hatt helsebehandling, ein gong for jurbetennelse og ein gong for mjølkefeber.

LES OGSÅ: Her er den eldste kua i landet

– Det er svært sjeldan at kyr blir så gamle. Ei NRF-ku mjølkar gjennomsnittleg 7,4 tonn i året, men Kveldsros ligg høgt over det nivået, fortel Randi T. Aanstad, fagrådgjevar i Tine. Ho fortel at GENO skal gjera ære på Kveldsros i løpet av hausten.

Det er Bjørn Åge Sveen som eig Kveldsros. Han fortel at ho har hatt heile 11 kalvar.

– Nå går ho med sin 12. kalv, seier Bjørn Åge. Han fortel at Kveldsros er spesiell på mange måtar.

– Ho er klok og veit godt kva ho vil. Ho likar å vera leiarku, bestemme over dei andre. Ho likar best å bestemme sjølv, rett og slett, ler Bjørn Åge og fortel at Kveldsros likar seg ekstra godt på ferie, når ho får reise til seters og gå ute og kose seg.

LES OGSÅ: Blosom er den høgaste kua som har levd