Neste gong stiller eg til val

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Valet er over, og tida er inne for å gå i seg sjølv. Å gå i seg sjølv kan vere ubehagelig, det er mykje rart der inne.

Eg har gått i meg sjølv etter dette valet. Denne valkampen har vore – ja, ein kamp. I motbakke. Eller motvind. Eller noko slikt. Eg er ikkje så god med bilde. Vi som skriv om politikk i avisa er ofte ikkje det. Ein gong skreiv eg for eksempel at terningane i puslespelet er i ferd med å gå gjennom isen. Men då hadde eg ganske dårlig tid.

Nok om det.

Poenget er at ingen høyrde på oss i år. Vi som skriv i avisa skreiv gong etter gong om kven som gjorde det best i debattane på tv. Og brydde folk seg? På ingen måte. Folk stemte til dels heilt forskjellig frå kommune til kommune. Som om dette var eit kommuneval eller noko. Og det som verre er: Det finst parti som gjorde det skikkelig dårlig i valet, sjølv om vi som skriv i avisa hadde sagt frå om at partileiaren i dette partiet var ein av dei beste i debattane på tv. Om dette betyr at folk lar vere å stemme på parti med artige partileiarar berre fordi dei er ueinige i det partiet står for, då er vi på ville vegar. Og då har jobben til oss som skriv i avisa blitt heilt meiningslaus.

Derfor har eg bestemt meg for å gå inn i politikken. Jadå! Eg skal slutte å skrive i avisa. No er det alvor. Eg skal putte pengane mine der munnen er full og sette brikkene der skåpet skal stå. Neste gong det er val, står eg på liste. Og eg vil ha verv.

Og i samband med det er det nokre ting eg allereie no vil ta opp. For eg veit jo kor lett det blir bråk om gamle synder i politikken. Eg veit av erfaring at folk som skriv i avisa gjerne bråker om slikt. Så det er like greitt å ta dette med ein gong:

For nokre år sidan meinte eg at Miljøpartiet Dei Grøne er eit tulleparti. Nokon kjem sikkert til å gjere eit poeng ut av dette når eg no stiller til val. Så la meg presisere:

Eg har ikkje noko imot Miljøpartiet Dei Grøne (La oss frå no av kalle dei MDG, for sjølv om eg altså har sagt negative ting om dei, så kan eg den korrekte forkortinga. Så gem er eg faktisk). Då eg meinte at MDG er eit tulleparti, så meinte eg det fordi eg vanka i eit miljø der mange meinte slike ting. Og verre ting. Personlig meinte eg det ikkje. Eg meinte det berre fordi dei andre meinte det.

Dessutan er dette lenge sidan. Fleire år. Når eg seinare har blitt spurt om eg framleis meiner at MDG er eit tulleparti, har eg latt vere å svare på det, fordi eg ikkje vil blande personlige standpunkt og politikk. Det er eit spørsmål om prinsipp. Personlige meiningar har ingenting i politikken å gjere. Dessutan har eg understreka at eg er ein skikkelig trivelig type, så dette kan ikkje vere noko problem. Dette standpunktet har eg hatt lenge. Fram til for ei knapp veke sidan.

Og no som MDG har blitt veldig populære, no meiner eg at MDG er tipp-topp.

Dette betyr ikkje at eg har ombestemt meg. Eg veit nemlig at det å ombestemme seg lett blir sett på som svakheit og vingling av dei som skriv i avisa, og det siste eg vil er at det skal feste seg eit inntrykk av at eg har blitt rausare og hyggeligare med åra. Så: Eg har meint det same heile tida.

Berre på ulike måtar. Først meinte eg det personlig inni meg, så meinte eg det prinsipielt inni meg, så meinte eg det på ordentlig.

No som dette er presisert, så veit eg at eg slepp bråk om dette frå dei som skriv i avisa. Så lenge ikkje politikarar driv og ombestemmer meg, så gidd nemlig ikkje vi som skriv i avisa å skrive om kva politikarar meiner og har meint. Det er nemlig veldig kjedelig. Vi synest det er mykje artigare å grave i gamle papir eller skrive ganske mykje om at nokon har eit møte bak ei dør.

Og når eg først er i gang: Eg ikkje kjendis, sjølv om eg skriv i avisa. Berre så det er klart. Så ikkje prøv dykk med å gjere eit poeng ut av det når eg blir valt inn. Det vil vere som å kaste glas i korthus.

Då er den grei. No er alt klart.

See you in bystyret! 


Først publisert i Aftenposten 19. september.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!