Arbeidarpartiet fekk inn fire av sine seks kjendisprofilar i bystyret i Oslo. Samtidig rauk nær halvparten av innvandrarpolitikarane ut.

NPK-NTB
NPK-NTB

Både advokat Geir Lippestad, Norway Cup-general Frode Kyvåg, Rikskonsertane-sjef og tidlegare kulturminister Turid Birkeland og tidlegare utanriksminister Thorvald Stoltenberg kom inn i bystyret takka vere kumuleringar.

LES OGSÅ: Aarebrot: Dei raudgrøne gjer comeback

Av dei seks kjendisnamna på Oslo-lista til Ap var det berre Birgitte Skarstein frå TV-programmet «Ingen grenser» og filmregissør Ulrik Imtiaz Rolfsen som ikkje rykte heilt fram på fast plass.

Men dei mange personstemmene dei kjende profilane til saman har fått, har medført at mange politikarar med innvandrarbakgrunn har mista sine faste plassar i bystyret, skriv VG.

Aftenposten skriv at mens 11 av Aps 20 noverande bystyremedlemmer har innvandrarbakgrunn, er innvandrardelen i Ap redusert til seks representantar i det nye bystyret som blir konstituert i oktober.

I heile bystyret, som har 59 representantar, har talet på minoritetspolitikarar falle frå 16 til ti representantar. Dette er ein nedgang på 37,5 prosent. Kvinnedelen har gått ned frå 27 til 23, ein nedgang på 15 prosent, skriv avisa. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.04

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE