Ho vann bokbloggarane sin gunst

Nok ein gong likte bokbloggarane ein nynorskroman best.

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Førre helg gjekk Bokbloggarprisen 2014 av stabelen, prisen der bokbloggarane sjølv går saman for å finne ein verdig vinnar. Bloggarane kunne sjølv foreslå nominerte, og 148 titlar var føreslått.

Prisen vart delt ut for andre gong i år, i to kategoriar: Årets roman og Open klasse.

I Open klasse var det Ingvild Rishøi som vann med si novellesamling Vinternoveller, medan prisen i klassen Årets roman gjekk til Aina Basso og hennar roman Finne ly. Det er andre gongen ein roman på nynorsk, og frå Samlaget, stikk av med prisen.

Komitémedlem Line Tidemann fortel at det, i tillegg til Basso, var Marit Kaldhol og Ida Heazi Høyer som fekk flest poeng i kategorien «Årets roman». I kategorien «Open klasse» slo Ingvild Rishøi forfattarane Simon Stranger og Ida Jackson. 

LES OGSÅ: Desse er nominer til Bokbloggarprisen 2014