Blei valt inn med éi stemme
Barbro Werdal blei dermed det femte varamedlemmet til soknerådet i Sauda.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Saka var først publisert i Ryfylke.net.
– Eg veit ikkje kven som har stemt på meg. Skulle eigentleg ønska at eg visste det før valet, for då hadde eg nok drive ein iherdig valkamp for å iallfall få fem stemmer, seier Barbro Werdal muntert.
LES OGSÅ: Stor pågang i kyrkjevalet
Med berre ti kandidatar på vallista for elleve soknerådsverv ville eventuelle velgjarpåførte nanm på vallista konkurrera om ellevteplassen i samband med kyrkjevalet måndag.
Dei aller, aller fleste velgarane har kun levert inn den ferdigutfylte lista, med diverse kumuleringar. Men éin velgjar har altså ført opp eitt namn: Barbro Werdal
– Personen ler nok veldig godt når det nå viser seg at eg ikkje bare blei nominert, men at eg faktisk blei valt inn som vara i fire år, seier Werdal.