Når dei grøne vaknar

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Teksta var først publisert i Universitas.

Miljøpartiet Dei Grøne er den store vinnaren i årets lokalval. Førstekandidat i Oslo, Lan Marie Nguyen Berg, kan nok reknast som ein av dei mektigaste kvinnene i Oslo akkurat no. Det unge, grøne partiet har hamna i den perfekte posisjonen med dei avgjerande stemmene i ryggen. Stemmer som dei større, etablerte partia vil gå langt for å lokka til si side. No får dei oppgåva med å dytta i gang det grøne skiftet på alvor, men å gi all makt til eit så ungt og uferdig parti er – for å setta det på spissen – galskap.

Dei Grøne har fått mykje kritikk i valkampen for uferdig og naiv politikk. Det er lett å gjera narr av forslag om byteøkonomi og lokal valuta. Det er kanskje meir rettferdig å kritisera partiet for eit naive ønskjer om bråstans med oljenæringa, mindre økonomisk vekst, og at me alle skal jobba mindre. Høgre sin miljøpolitiske talsmann, Nikolai Astrup er hard i kritikken mot MDG-talsmann Rasmus Hansson i førre utgåve av Universitas, der han kallar politikken til dei grøne for ein snarveg til fattigdom.

LES OGSÅ: MDG aukar mest: – Heilt fantastisk

I Oslo blir samferdsel eit kjernetema for MDG. Bilane skal fjernast frå sentrum og gjera det lettare for syklistane. Kollektivtilbodet skal bli betre, men ikkje billigare – eit forslag som kanskje smakar bittersøtt for studentane. Men førstekandidat Nguyen Berg har gått til direkte frieri til studentane i fleire saker – mellom anna har ho sagt til Universitas at MDG vil gi svindyre tomter i Oslo til SiO heilt gratis, for å bygga 2000 nye, energieffektive studentbustader.

Mange forslag frå MDG er gode, men ikkje unike. Å bygga nye studentbustader og betra kolletivtilbodet er også programfesta hos andre, meir etablerte parti som Arbeidarpartiet. Likevel er eg glad for at akkurat MDG har hamna i ein avgjerande posisjon i Oslo. Ikkje fordi dei har det beste partiprogrammet, eller dei mest effektive politikarane, for det har dei ikkje. Ikkje fordi dei har den beste miljøpolitikken – mykje tyder faktisk på at dei ikkje har det heller. Steinar Strøm, professor i samfunnsøkonomi, går så langt som å kalla miljøpolitikken til MDG tragikomisk i eit intervju med Dagens Næringsliv, og trekk fram at internasjonale forhandlingar og CO2-avgifter er viktigare enn sykkelstiar og grøne lunger. Kritikken hamnar litt på sida i lokalvalet, men hovudpoenget er at MDG er eit parti som ikkje er modent for å styra åleine.

LES OGSÅ: MDG får likestillingskritikk

Eg er sjeleglad for at det er MDG som sit på vippen i Oslo fordi det tvingar etablerte parti til å tenkja annleis. Stemmene Dei Grøne har i ryggen må kjøpast med nye og gode miljøtiltak. Rasmus Hansson sa på valnatta at dei fleste partia tenkjer at verdshistoria er ferdig, og at me ikkje skal gå gjennom store endringar i samfunnet fordi det blir «utriveleg». Akkurat her har han eit poeng – tida er overmoden for at me skal gå gjennom store, historiske endringar, også i det norske samfunnet. Men MDG bør ikkje gå inn i framtida utan følgje.

Blokkuavhengigheiten til MDG, som også har vore eit lett mål for hån og kritikk, er nøkkelen til at det sterke, grøne valet er gode nyheiter. I skrivande stund er det ikkje avgjort kven som tek over styringa i Oslo. Sjølv om det mest truleg er Raymond Johansen og Arbeidarpartiet, er det blokka med den beste miljøpolitikken som får makta på nåde frå Dei Grøne. Men når alt kjem til alt, er det Arbeidarpartiet eller Høgre som blir sittande med flest representantar, og som får mest å seia. Slik bør det også vera.

LES OGSÅ: MDG seksdobla på fire år

Å setta MDG i spissen for Oslo-politikken i åra som kjem, er som å setta ein femåring i stolen framfor den store, raude knappen. Det ville vore direkte ansvarslaust, og kunne enda i katastrofe for økonomi og velferd. Men med femåringen i rommet må politikken vera ansvarleg for framtida på ein heilt annan måte – grøn politikk gjekk frå å vera eit alternativ til å bli eit krav ved årets val.