Sjølv om det er venta valskred til homovennlege Open folkekyrkje i kyrkjevalet, kan det ta lang tid før likekjønna ekteskap blir lov i norske kyrkjer.

NPK-NTB, Andrea Nøttveit
NPK-NTB, Andrea Nøttveit

 Sjølv om det skulle bli fleirtal på neste kyrkjemøte som er i april, jobbar byråkratiet i Kyrkja så seint at vigselsliturgi for likekjønna truleg ikkje vil vere på plass før i 2018, skriv Klassekampen.

Sakspapir frå Kyrkjerådet slår fast at det vil ta tid å få innført endringane, og at spørsmålet tidlegast kan avgjerast i 2017. Men sjølv ei innføring i 2017 «vil vere svært krevjande», ifølgje papira som avisa omtalar.

LES OGSÅ: Stor pågang i kyrkjevalet

– Dette hastar. Vi burde hatt ein liturgi for lenge sidan, seier andrekandidat på lista til Open folkekyrkje i Oslo Gard Sandaker-Nielsen.

Samtidig understrekar han at saka må forankrast i det kyrkjelege demokratiet og følgje vanleg prosedyre for liturgisaker.

Dei endelege resultata frå kyrkjevalet er først klare 8. desember, men forskarar har antyda at det kan gå mot eit svært godt val for Open Folkekyrkje.

Rekordår
Kirkevalet har allereie fått mykje kritikk frå personar som mellom anna fortel om ein valfunksjonær som freista å påverka valet, at legitimasjon ikkje vart sjekka, samt at det var vanskeleg å velja liste og gjera endringar i fred og at stemmesetlar ikkje vart lagt i ei lukka valurne.

Kring 485.000 kyrkjemedlemmer har stemt i kyrkjevalet.

Med 16,7 prosent valdeltaking ser det ut til å verte eit rekordår blant medlemmane i Den norske kyrkja. Det var resultatet etter at drygt 93 prosent av stemmene var talt opp torsdag.

Ved førre val stemte 13,5 prosent av kyrkjemedlemmane.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.04
ANNONSE