Framgang for gruvemotstandarar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Framgang for gruvemotstandarar

– Når parti som har markert seg klart mot dumping av gruveavfall i Førdefjorden aukar, er det et teikn på at folk rundt fjorden ønskjer Førdefjorden som framtidsfjord, ikkje avfallsplass, seier Natur og Ungdom-leiar Arnstein Vestre, i ei pressemelding.  

LES OGSÅ: Tapte omkamp om Førdefjorden

Arbeidarpartisiger
Natur og Ungdom har teke for seg valresultata i kommunane Askvoll, Naustdal, Førde og Florø.

Dei ser ein klar framgang blant dei som er for ein rein Førdefjord, og tilbakegang i personar som stemmer for gruvedumping.

I år stemte 60,6 prosent av innbyggjarane i dei aktuelle kommunane på parti med eit uttala standpunkt mot gruvedumping. I 2011 var tilsvarande tal 52,8 prosent.

Natur og Ungdom-leiaren peikar på at tendensen er særleg tydeleg i Førde og Flora, der Arbeidarpartiet tener på sitt tydelege standpunkt for ein rein fjord.

I Førde gjorde Arbeidarpartiet eit brakval med 33,6 prosent oppslutnad. Ein framgang på 7,1 prosent sidan førre val.

Førde Høgre gjekk mest attende og enda på 22,9 prosent, medan nykommar MDG fekk 4,9 prosent av stemmene i nynorskbyen.

– Valet syner at dei som har vore tydelegast på kvar side i saka har samla stemmene. Det er ulike meiningar om planane om å dumpe gruveavfall i Førdefjorden i kommunen, men motstanden mot å dumpe i fjorden framleis er stor, særlig langs fjorden, seier Vestre, som er nøgd med resultata.

Arbeidarpartiauken i Flora kommune var langt frå like stor som i Førde. Likevel enda partiet som valvinnarar med 35,1 prosent. Høgre gjekk mest ned, medan den nye Samlingslista fekk 14,2 prosent av stemmene.

Listetopp Jacob Nødseth vart for ei tid tilbake ekskludert frå det lokale Høgre-laget. Den uttala motstandaren av fjorddeponi har fått med seg fleire avhopparar og gjort eit godt førsteval.

LES OGSÅ: 500 på fest for Førdefjorden

Saman for Førdefjorden
Naustdal er heimkommunen for Nordic Mining sine planar om gruvedrift i Engebøfjellet. Før valet gjekk Raudt, SV, Miljøpartiet Dei Grøne og Venstre i Naustdal saman om å laga brosjyren «Ei framtid for Førdefjorden – utan sjødeponi».

I Naustdal er stemmetala for partia som er for og mot dumping omlag dei same.

Òg her vart Arbeidarpartiet dei store vinnarane med 43,6 prosent, medan SV kom på andreplass med 10,6 prosent oppslutnad.