Valforskar Frank Aarebrot meiner tendensen frå kommunevalet er klar: Dei raudgrøne gjer eit tydeleg comeback. Høgre går 15 prosent tilbake i Solbergs eigen valkrins.

NPK-NTB
NPK-NTB

Det borgarlege fleirtalet er borte i fleire store byar, og Arbeidarpartiet gjer eit brakval. Valforskar Frank Aarebrot er tydeleg på kva for nasjonale tendensar ein kan lese ut av valresultata:

– Den gamle regjeringa vinn over den nye. Dei raudgrøne partia pluss Miljøpartiet Dei Grøne går fram. Høgre og Frp i regjering og støttepartia Venstre og KrF gjer det alle dårleg, seier han til NTB.

Dersom dette hadde vore eit stortingsval, ville dei raudgrøne hatt fleirtal på Stortinget, sjølv utan støtte frå den andre store valvinnaren Miljøpartiet Dei Grøne.

LES OGSÅ: MDG aukar mest – Heilt fantastisk

Høgre tilbake i Solbergs valkrins
Lokalt gir resultata blant anna utslag ved at det borgarlege byrådet i Aarebrots heimby, Bergen, blir vraka. Også i Oslo går det truleg mot eit maktskifte etter valet.

– I Bergen er det heilt vanvitig. Eg er overraska over at Arbeidarpartiet ligg an til å få 38 prosent. Sidan 1972 har dei ikkje gjort eit betre val enn dette, seier Aarebrot.

Han nemner også at Høyre går 15 prosent tilbake i statsminister Erna Solbergs egen valkrets, Skjold, i Bergen.

– Her gjekk ho sjølv dør til dør dagen før valet, men det har ikkje hjelpt, seier han.

Aarebrot meiner at den låge oljeprisen og svikten i økonomien kan ha bidratt til at mange snur ryggen til regjeringspartia.

LES OGSÅ: Ap mot sitt beste val på 28 år

Beste kommuneval sidan 1995
Senterpartiet (Sp) gjer sitt beste kommuneval sidan 1995.

– Dette ser svært bra ut, seier partileiar Trygve Slagsvold Vedum.

På landsbasis får Senterpartiet 8,5 prosent av stemmene. Sist gong partiet hadde høgare oppslutning var i 1995, året etter at partiet leidde landet mot eit nei i folkeavstemminga om EU.

I Kristiansund går partiet fram med heile 21,7 prosentpoeng, til 24,1 prosents oppslutning. Dermed går partiet frå ein til elleve representantar i bystyret. Striden om sjukehussentralisering har truleg vore avgjerande for mange når dei skulle stemme.

Også innanfor kjerneområda gjer Senterpartiet det bra.

I Sogn og Fjordane får partiet ein oppslutning på 33,3 prosent i fylkestingsvalet, ein framgang på 7,5 prosentpoeng frå førre fylkestingsval.

Partiet er også den klare vinnaren i Nord-Trøndelag, med 26,8 prosent av stemmene i fylkestingsvalet, ein framgang på 7,2 prosentpoeng.

Sjå ABC Nyheter si oversikt over valresultata i din kommune.

Spår tøff tid for Erna
Statsminister Erna Solberg får ein vanskeleg jobb med å reise seg etter det dårlege valet for Høgre, spår aviskommentatorar.

På valvaka måndag kveld var statsministeren offensiv, og kontra det dårlege resultatet med kommentaren: «Eg er heilt sikker på at heile Høgre kan seie: I'll be back i 2019».

Den jobben kan bli vanskeleg, meiner norske aviskommentatorar. (©NPK)


Ein sliten og utslått statsminister Erna Solberg kom seint heim til statsministerbustaden etter partileiardebatten på Stortinget. For Høgre har valet vore eit nederlag. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.04

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE